Slik var situasjonen i Hallingdal klokka 12.00 fredag 3. april. I alt 91 smittetilfelle.

91 smitta i Hallingdal: Fleire blir no rekna som friskmeldt

I alt er 91 hallingar konstatert koronasmitta. Men nokon har også alt blitt registrert som friske.

Hol er hardast råka av viruset i Hallingdal, med 46 smittetilfelle. Bygda har 10,36 registrerte smitta per 1000 innbyggar, desidert høgast i landet. Men 32 personar står no på lista over «friskmelde».

– Folkehelseinstituttet sin definisjon av «frisk» er at dei som har vore sjuke først har blitt symptomfri, deretter at dei har vore ytterlegare sju dagar i isolat, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen. Han fortel at alle dei som er smitta er i jamleg kontakt med sin eigen fastlege, og at det er legen saman med pasienten som definerer når du kan reknast som friskmeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Vanskeleg reknestykke

Nasjonale myndigheiter fører ikkje tal over friskmelde. Det finst derfor ikkje noko tal som seier kor mange i Norge som er rekna som friske av koronaviruset. Ifølge Strømmen er det heller ikkje skrive i stein korleis du kan reknast som frisk:

– Folkehelseinstituttet seier du er definert som frisk når du har vore symptomfri i sju dagar. Men undersøkingar viser at du kan få påvist viruset veldig mykje lenger enn i sju dagar etter siste symptom, kanskje i opp mot 20 dagar. Myndigheitene sender deg ut att i samfunnet etter sju dagar, men spørsmålet er om det er rett, seier kommuneoverlegen. Han er derfor opptatt av at dei som er rekna som frisk, likevel er ekstra forsiktig og oppfører seg som dei er potensielt smittsame.

Les også
Få nye smittetilfelle, men legen åtvarar: – Det er no det gjeld

– Kan ein ta ein ny test for å sjå om ein framleis har viruset i seg?

– Nokon har gjort det. Men om ein får utslag på den testen, veit ein likevel ikkje om viruset er daudt eller levande. Om ein får eit positivt testresultat, kan ein altså ikkje vite kva det betyr.

Sjølv om det er noko usikkerheit rundt når koronasjuke i realiteten er friske, meiner Strømmen det er viktig å fortelje folk kor mange som ein reknar som friskmeld.

– Det seier jo noko om sjukdomstilstanden i bygda. Eg meiner det er viktig informasjon å gå ut med, for dette veit me blir diskutert.

Ingen friskmelde - enno

Nesbyen har vore nest hardast råka i Hallingdal, og har no 16 koronasjuke. To barn sit i isolasjon, der foreldra er smitta. To koronasjuke er lagt inn på sjukehus og 17 innbyggarar sit i karantene. Kommuneoverlege Nils Høva fortel at dei i likskap med Hol fører oversikt over kven som etter kvart kan reknast som friske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Hyttefolk gløymer ikkje lokalbutikken i krisa

– Me har førebels ingen som er heilt friskmelde, men me har fleire som har kome over i den fasen der dei skal sitte sju dagar i isolat etter at dei har blitt symptomfri. seier han.

I alt er no 91 personar frå Hallingdal registrert som koronasmitta. Medan Hol har 46 og Nesbyen 16, har Ål 12 smittetilfelle. Gol har ni, Hemsedal sju og Flå eitt.

Nore og Uvdal har også meldt om berre eitt tilfelle så langt.

Les også
Seks nye prøvesvar i dag: No er Hol hardast råka i landet
Les også
Koronaviruset: Person i 40-åra innlagt på sjukehus