Slik var stoda for koronasmitte i Hallingdal klokka 13.00 onsdag 1. april.

Få nye smittetilfelle, men legen åtvarar: – Det er no det gjeld

Dei siste par døgna har det vore få nye smittetilfelle i Hallingdal. Men kommuneoverlege Geir Strømmen åtvarar folk mot å sleppe skuldrene ned.

– Ein kan bli freista til å «senke guarden». Men det er akkurat det me ikkje må gjere no. Det er no det gjeld, me må halde ut litt til, seier Strømmen.

– Det ser ut til at folk tilpassar seg den nye normalen. Det har blitt naturleg for oss å halde avstand, og å vere forsiktig. Det er veldig viktig at me held dette oppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fantastisk

Strømmen er kommuneoverlege i den kommunen i landet som er hardast råka av koronaviruset; Hol. Her er talet på smitta no kome opp i 46, fire nye har kome til det siste døgnet. Trass i at det totalet talet er høgt, har kurva endeleg flata noko ut.

– No er alle tilfelle i Hol greia ut og gjort greie for. Me har oversikt over smittevegar og smittepunkt for alle dei som er råka av viruset. Det er heilt fantastisk, seier han.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Per no er seks personar frå Hallingdal lagt inn på sjukehus, både ved Ringerike og Hallingdal sjukestugu.

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Trass i at verda er velta om, er det altså nokre lysglimt å spore.

Det er berre Hol som har meldt om auke i talet på smitta det siste døgnet. I Flå er det framleis berre eitt tilfelle. Nesbyen har 15, medan Gol er oppe i ni. Hemsedal fekk eitt nytt tilfelle i helga, og er oppe i sju. I Ål er talet 11, medan det i Hol altså har kome fire nye, til 46 smitta.

– Vent, vent

Det er ikkje berre i Hallingdal at tala på smitta har flata noko ut i det siste.

– Også nasjonale tal tydar på det. Men alt av fagfolk seier likevel «vent, vent» - det er for tidleg å seie noko sikkert, seier Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det kan sjå ut som om strategien me har ført har vore vellykka. No skal Folkehelseinstituttet i påska jobbe fram nye råd.

– Korleis vurderer du at tiltaka har fungert i Hol?

– Me har vore nøye med å sette folk i karantene og isolasjon, og befolkninga er generelt flinke til å følgje hygieneråd og råd om å halde avstand. Slik det ser ut no, har det vore vellykka, seier Strømmen.

Les også
Ordføraren steppa inn då Flå stod utan jordmor
Les også
Mattilsynet svarar: - Smittar ikkje via matvarer
Les også
– Folk er flinke til å følgje retningslinjene i butikken