67 koronasmitta sist veke: Fire kommunar har hatt omikron-smitte

Alle kommunar i Hallingdal melder om ein oversiktleg situasjon etter julehelga. Men i Oslo og Viken breier omikron-varianten av viruset om seg.

Til saman fekk 67 personar i Hallingdal positivt svar på koronaprøve sist veke. Det er færre enn veka før, då 81 personar fekk bekrefta smitte.

Så mange vart smitta i dei ulike kommunane sist veke:

Artikkelen held fram under annonsen.

Flå: 0

Nesbyen: 11

Gol: 5

Ål: 13

Hemsedal: 22

Hol: 16

Les også
Har fått fire tilfelle av omikron-smitte: – Har venta på det

Måndag kom nyheita om at omikron no er dominerande i Oslo og Viken. Fire av kommunane i Hallingdal har hatt tilfelle av denne: Nesbyen, Hemsedal, Gol og Hol.

Ventar auka smitte

Det har vore ei roleg julehelg med lite testing i Hallingdal. Men måndag var aktiviteten høg hjå dei fleste: I Nesbyen testa dei heile 41 personar måndag formiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen melde sundag at dei hadde fått fire positive prøver som viste seg å vere omikronvarianten av koronaviruset.

– Me har venta på det, seier kommuneoverlege Nils Høva. Han seier elles at det er god oversikt over smittesituasjonen i Nesbyen.

Les også
Vil ha ein tydeleg bodskap om at folk må reise heim om dei blir sjuke: – Det hadde hjelpt oss

Også Hol melder at dei har fått eit tilfelle av omikronsmitte, men kommuneoverlege Silje Koldal ventar ikkje vidare spreiing av denne. Hol gjennomførte i likskap med Nesbyen mange koronatestar måndag, blant anna mange nærkontaktar.

– Me ventar stigande smittetal utover veka, seier Koldal.

Hol hadde 16 smitta sist veke. I tillegg sit enkelte i isolasjon på hytter rundt om i kommunen. Desse er testa andre plassar.

– Me opplever god kontroll på situasjonen akkurat no, seier Koldal.

Fire omikron-smitta

Hemsedal hadde flest smittetilfelle sist veke, med 22.

– Desse var blant anna relatert til utbrot ved skulen, og noko villsmitte, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Koronasmitta og forvirra hyttefamilie: Kommunen seier «reis heim». Heimkommunen seier «bli»

Kommunen har hatt fire tilfelle av omikron-smitte. To av desse kom frå utlandet, dei to andre i eigen befolkning. Men Underland mistenker ikkje at desse vil spreie om seg.

– Situasjonen er oversiktleg, seier ho.

Også Gol har hatt eitt tilfelle av omikron-smitte. Men dette tilfellet var heilt isolert.

– Smitta vart tatt med frå ein annan plass, og vedkommande var alt i nærkontakt-karantene før symptoma kom. Det er ingen fare for vidare smitte, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Gol hadde fem smittetilfelle sist veke.

Mykje testing

Ål har hatt 13 smitta sidan måndag sist veke.

– Dei aller fleste er kjente nærkontaktar, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.

Ho fortel at det har vore mindre testing gjennom julehelga, men i vekene før jul var det hektisk aktivitet. I løpet av veke 50 og 51 vart heile 192 personar koronatesta i Ål. Bøyum er glad for at mange melder seg for testing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ønsker absolutt at mange gjer dette, seier ho.

Ingen av dei smitta i Ål har blitt råka av omikron.

Les også
Dei har hatt 15 smitta gjennom heile pandemien: – Det er ikkje berre flaks. Folk er flinke
Les også
Tilbyr hyttefolk drop in-vaksine i romjula: – Me får ein del ekstra dosar