Sist veke var det aller flest smitta i Ål, med 28 nye tilfelle.

81 smitta i Hallingdal sist veke: God kontroll i alle kommunar

Ål var hardast råka av koronasmitte sist veke, med 28 nye smittetilfelle. Flå hadde ingen.

– Dei smitta er i hovudsak nærkontaktar som alt sat i karantene, fortel kommuneoverlege Toril Bøyum i Ål.

Ål har hatt mykje smitte å jobbe med dei siste vekene. Noko av det har vore knytt til Torpo skule, der elevane fekk heimeundervisning frå torsdag etter at fleire elevar vart smitta og sjukefråværet blant dei tilsette auka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Heimeundervisning frå neste veke: - Årsaka er høgt sjukefråvær

Også dei siste dagane har det kome smitte blant skuleelevar, men ikkje knytt til Torpo. Denne gongen er det snakk om ungdomsskulen og vidaregåande, både i Ål og Gol.

– Alle nærkontaktar har testa negativt i første testrunde, seier Bøyum.

Planlegg jula

Nesbyen hadde 16 nye smittetilfelle sist veke. Då Hallingdølen prata med kommuneoverlege Nils Høva måndag formiddag, sa han at smitta var på veg nedover. Måndag vart fleire «friskmeldt» og kunne kome ut frå isolasjon.

Ti personar sat framleis isolert.

Nesbyen er i likskap med Ål oransje på smittekartet. Dei har hatt ein del smitte etter eit utbrot for snart tre veker sidan.

– I alt har me registrert 34 smitta knytt til dette utbrotet, fortel Høva.

Les også
20 nye smitta: Gir alle elevar heimeundervisning fram til jul

Men kommunen har det heile under kontroll:

– Alle som har testa positivt den siste veka, har alt vore i karantene, seier Høva. I Nesbyen starta dei veka med eit beredskapsmøte måndag, med tanke på at jula nærmar seg med stormskritt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Særleg prata me om gode rutinar for drift av sjukeheimen vår. Folk vil gjerne reise heim og besøke familien sin, det er det fritt fram for. Men det må vere gode rutinar, både når dei er heime og når dei kjem tilbake til sjukeheimen, seier Høva.

Null i Flå

Hemsedal hadde nesten like mange smittetilfelle som Nesbyen sist veke, dei stoppa på 15. Det er ein god nedgang frå tidlegare veker.

Fleire parallelle smitteutbrot førte ein periode til at dei var knallraude på smittekartet og har 58 smitta på dei siste to vekene.

I Gol vart 13 personar bekrefta koronasmitta sist veke.

– Det er framleis oversiktleg. Me har kontroll, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

I Hol fekk dei ni smitta. Flå gjekk gjennom veka utan eit einaste smittetilfelle. Nore og Uvdal har jobba mykje med eit smitteutbrot knytt til eit julebord på Vasstulan i starten av desember. Sist veke fekk kommunen 27 nye smittetilfelle.

Les også
Første omikron-tilfellet bekrefta: - Det var berre eit tidsspørmål
Les også
Barnehage og skule råka av smitte: Har testa både tilsette og barn
Les også
20 smitta så langt denne veka: Seks elevar testa positivt
Les også
Her ser du nordlys over Golsfjellet: - Heilt magisk når det er slik