Barnehage og skule råka av smitte: Har testa både tilsette og barn

Onsdag fekk Gol to smittetilfelle med relasjon til ein barnehage og ein klasse på barneskulen.

– Alle dei som er råka av dette har blitt informert. Det har blitt gjennomført testing av både dei tilsette og barna. Alle desse var negative, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Han fortel at sjølv om testane i første omgang var negative, kjem dei til å teste alle på nytt att dei kommande dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Førebels ser det oversiktleg ut, seier han.

Les også
Heimeundervisning etter smittetrykk og fråvær

Dei siste vekene har det stadig dukka opp nye smittetilfelle knytt til Helsetunet i Gol. Det starta med at ein av dei tilsette testa positivt. I etterkant har totalt sju tilsette og to bebuarar blitt smitta.

Det har blitt testa hyppig ved Helsetunet desse vekene, for å avdekke eventuell ny smitte. Det siste tilfellet kom for tre dagar sidan. Onsdag vart det gjennomført ein ny testrunde på tilsette og bebuarar.

– Alle var negative. Me har dermed ikkje hatt positive testar blant bebuarar på halvanna veke. Og ingen på tilsette sidan helga. Det ser dermed ut til at me har fått snudd dette, fortel Thurainayagam.

Då smitta ved Helsetunet vart kjent, vart det sett i verk strenge tiltak. Dei blir no letta på.

– Me kjem til å opne opp for kontrollert besøk. Det betyr at alle må avtale besøk med avdelingane. Det kjem til å framleis vere strengt smittevern. Årsaka til det er at me nyleg har hatt eit utbrot, og må vere forsiktig når me opnar opp att, seier kommuneoverlegen.

– Me vil også at alle besøkande tek ein test heime eller på teststasjonen før dei kjem på besøk.

Så langt denne veka har åtte personar testa positivt for koronaviruset i Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
120 smitta på 10 dagar i Hallingdal
Les også
Første omikron-tilfellet bekrefta: - Det var berre eit tidsspørmål
Les også
Skal vaksinere alle over 45 år: Slik ligg din kommune an