To nye tilsette ved helsetunet smitta: Held fram med strenge tiltak

I løpet av den siste veka har fem tilsette og to bebuarar ved helsetunet i Gol blitt bekrefta koronasmitta.

Dei to siste tilfella vart bekrefta i helga.

– Dette er testar som vart tatt på torsdag og fredag. Det dreier seg om tilsette. Begge tilfella er truleg etterslep frå førre helg, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har begge vore heime etter at dei fekk symptom.

Les også
20 nye smitta: Gir alle elevar heimeundervisning fram til jul

To av bebuarane har blitt bekrefta smitta etter at det første tilfellet vart kjent på helsetunet, men det har gått sju dagar sidan sist ein bebuar fekk positiv test.

– Me har tatt tre rundar med testing av dei, alle har vore negative. Det tydar på at me har greidd å hindre spreiing av smitte blant bebuarane. Me vil halde fram med testing av tilsette fram til me er sikre, seier Thurainayagam.

Sist veke vart det innført strengare tiltak ved Helsetunet. Mellom anna skjerpa reglar for besøk. Dette vil kommunen halde fram med.

– Me har forståing for at folk vil besøke sine nærmaste, men det er ein sårbar situasjon og me ønsker derfor ikkje å ta nokre sjansar. Me må vere sikre, seier Thurainayagam.

Gol har hatt 22 smittetilfelle dei siste to vekene. Sist veke kom det 13. Dette er inkludert tilfella ved Helsetunet.

– Det er førebels ein oversiktleg situasjon i kommunen, seier Thurainayagam.

Les også
20 nye smitta etter julebord - enda fleire i isolasjon
Les også
Fleire firma kastar seg på og gir bort julebordet - det kjem bygdeheimen til gode