Kommuneoverlege i Nesbyen Nils Høva fortel at dei testa 218 personar sist veke.

Har fått fire tilfelle av omikron-smitte: – Har venta på det

Fire smitta personar i Nesbyen har blitt råka av omikron-varianten av koronaviruset. Kommuneoverlegen er overraska over at den ikkje har kome før.

– I den siste smittetoppen me hadde her, gjaldt det deltaviruset. Men laurdag fekk me bekrefta at fire av dei siste smittetilfella er omikron. Me har gått og venta på det, seier kommuneoverlege Nils Høva.

Les også
Koronasmitta og forvirra hyttefamilie: Kommunen seier «reis heim». Heimkommunen seier «bli»

Nesbyen har vore råka av ein del smitte dei siste vekene. 13 personar sit framleis i isolasjon. I fire av tilfella har laboratoriet bekrefta at det dreier seg om omikron.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det eine tilfellet er importsmitte, nokon som har reist heim frå juleferie i utlandet. Dei andre tre er lokal smitte. Me veit ikkje heilt kor denne smitta kjem frå, seier Høva.

218 til testing

Det har blitt gjort ein del smittesporing rundt desse tilfella.

– Me har jobba med det, og har ein ganske grei oversikt no. Men ikkje full, seier Høva.

Det har blitt testa mykje i Nesbyen i det siste, sist veke var 218 personar innom teststasjonen.

– Det er ganske mykje. Me er på tå hev for tida, for me veit at det er smitte i bygda, seier Høva.

Les også
Kronerulling etter bustadbrannen - har alt kome inn 45.000 kroner

Dei tre tilfella med omikron er godt ramma inn.

– Me trur me har snappa opp dei fleste rundt.

Vil ta over

Tilfella er av dei første i Hallingdal med omikron. Etter det Hallingdølen kjenner til har det hittil vore berre eitt tilfelle med denne varianten; i Hemsedal. Det var eit heilt isolert tilfelle, og kom som importsmitte frå utlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høva er ikkje overraska over at Nesbyen har fått sine første omikron-tilfelle no. Det er venta at denne varianten etter kvart vil ta heilt over, og dominere i Norge.

Høva seier vidare at situasjonen er under kontroll i Nesbyen.

– Dei siste smittetilfella me har fått, har vore folk som alt sat i karantene. Me har hatt god kontroll så langt, i godt samarbeid med bygdefolket. Det har vore ganske roleg i julehelga, måndag blir det noko testing att, seier kommuneoverlegen.

Les også
Tilbyr hyttefolk drop in-vaksine i romjula: – Me får ein del ekstra dosar
Les også
Dei har hatt 15 smitta gjennom heile pandemien: – Det er ikkje berre flaks. Folk er flinke
Les også
Bustadhus stod i full fyr - fire personar kom frå det utan skader