Liatoppen fjellstue monterer solcelleanlegg og batteribank med gamle Nissan Leaf-batteri.

Har investert nær ein million i solceller og batteribank

Liatoppen fjellstue og Garden Opheim i Ål satsar grønt med solcelleanlegg og batteribank. Målet er å redusere straumforbruket og få ein grønare profil.

Liatoppen har investert mellom ein halv og ein million i solcelleanlegg og batteribank. Garden Opheim har investert 300.000, ei investering som dei meiner vil lønne seg på sikt.

Les også
Dei lagar straumen sjølv

Grønare profil

– Me ville ha ein grønare profil, og me brukar mykje straum i dag, med tre fjøs og kjøtforedling. Så me tenkte det må vere betre måtar å produsere straum sjølv på, og då kom me inn på solcelleanlegg. Fyrst tenkte me at me ikkje skulle ha batteribank, men no har me skjønt at det er lurt. Då vil me kunne spare meir på den straumen me produserer. Og så er det mykje sol her i Opheim, så det er jo alltid ein fordel, seier Renate Søndrål hjå Garden Opheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Renate Søndrål fortel om det nye solcelleanlegget og batteribanken dei monterer på garden. Ho trur dette er framtida innan landbruk. (Arkivfoto)

Anlegget skal i hovudsak produsere nok straum til kjøtforedlinga på garden. Og kanskje er dei fyrst ut til å investere i solcelleanlegg og batteribank til dette føremålet? Uansett trur Søndrål dette er framtida.

– Eg trur me må tenke nytt innanfor landbruk. Sjølv om det er ein stor kostnad her og no, er det eit anlegg som ein vil ha betalt ned om 10-15 år. Det er ein fordel å heile tida prøve å vere grønare når ein ser kva som skjer i verda, påpeiker ho.

På dette låvetaket blir det i desse dagar montert solceller på Garden Oppheim.

Denne veka får dei installert anlegget, nesten på same tid som Liatoppen fjellstue.

– Me tenkar jo også å ha eit vidare samarbeid med Liatoppen på levering av kjøt, men det vart tilfeldig at me satsa på dette samstundes, seier Søndrål.

Lågare straumrekning

Liatoppen fjellstue ønsker å vere eit grønt fjellhotell. Då er investeringa med solceller og batteribank viktig. Næringsstyret i Ål har tidlegare løyve eit tilskot på inntil 40.000 til Liatoppen for solcelleanlegget og batteribanken. Dei kalla Liatoppen ei «føregangsbedrift». Batteribanken er laga med Nissan Leaf-batteri som ikkje lenger er i bruk.

– Tanken er at me skal generere så mykje straum me kan, ta vare på denne i ein batteribank og forbruke straumen internt, seier dagleg leiar Erik Leander Paule.

For å få straumforbruket ned så mykje som mogleg, handlar det om korleis dei varmar opp, korleis dei regenererer straum og korleis dei tek vare på varmen i bygget, fortel Paule.

Daglig leiar i Liatoppen fjellstue trur grøn energi er framtida innanfor hotelldrift.

– Heilt på toppen har me solcellene, så har me fått nytt tak, ein batteribank og nytt ventilasjonsanlegg med 90 prosent varmegjenvinning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varmeomnane på rommet er også wifi-styrt. Det betyr at varmen fyrst går opp til komfortemperatur nokre timar før gjesten kjem.

– Når du sjekkar inn, er rommet varmt og lyset står på. Og det blir brukt frå batteribanken. Så lenge det er lys genererer han straum. Når du reiser igjen og vaskehjelpa har gjort reint rommet, kvitterer dei ut på ein app, og temperaturen går ned til ti grader igjen. Berre der har me spart 60 prosent tapt varmegjenvinning på rommet, forklarar han.

Dei er ikkje sjølvforsynt med straum, men halverer straumrekninga, held Paule fram.

– Straumrekninga her i fjor var på 385.000 kroner for 6000 gjestedøgn. Eg har leika med tal på 10.000 gjestedøgn og 200.000 kroner i straumrekning, smiler Paule.

Les også
– Me har sol heile året