Petter Owesen og familien i Hemsedal har fått solcellepanel på bustadhuset sitt. Dei reknar med å spare om lag ein fjerdedel av straumutgiftene.
Petter Owesen og familien i Hemsedal har fått solcellepanel på bustadhuset sitt. Dei reknar med å spare om lag ein fjerdedel av straumutgiftene.

Dei lagar straumen sjølv

På taket ligg 16 solcellepanel og hentar straum til familiens daglege forbruk. Har dei noko til overs, sel dei den straumen vidare.

– Skal ein bygge nytt hus eller leggje nytt tak bør ein ikkje vere i tvil, seier Petter Owesen i Hemsedal. Han har ikkje gjort noko av delane, men ville ha ein meir miljøvennleg profil på straumforbruket sitt. I slutten av august kom leverandøren og monterte 16 solcellepanel på bustadhuset i Hemsedal.

– Ein kan til og med få solceller som takstein, fortel han og syner fram taket på baksida av huset. Her skin sola lengst. Og her ligg panela som omdannar solstrålane direkte til elektrisitet. For kvar dag sola skin, reduserer familien straumrekninga si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjekkar Appen

– Eg kan sjå direkte på appen kor mykje straum solcellepanela produserer, seier Owesen og tastar på telefonen. Men legg til at ein må ha installert dei nye straummålarane. Då kan ein og sjå kor mykje av den kortreiste straumen som blir selt vidare om husstanden ikkje brukar han sjølv. Solcelle-straum er ferskvare, men kan kome til nytte som «nabostraum». Ein kan altså tene pengar på overskotet av sol-straum.

– Selskapet Otovo som me har, betaler ei krone per kilowatt. Det er meir enn eg betalar for straumen, seier han.

Han har og lurt på å investere i ei batteripakke som gjer at dei kan lagre straumen dei ikkje nyttar der og då. Då blir det endå meir å spare.

16 solcellepanel er på plass på taket til familien Owesen i Hemsedal.
16 solcellepanel er på plass på taket til familien Owesen i Hemsedal.
Solcellepanelet ligg diskret på taket.
Solcellepanelet ligg diskret på taket.
Det kom eit team og installerte alt utstyret på under ein dag.
Det kom eit team og installerte alt utstyret på under ein dag.
16 solcellepanel er på plass på taket til familien Owesen i Hemsedal.
16 solcellepanel er på plass på taket til familien Owesen i Hemsedal.
Ein kan sjølv følgje med på kor mykje straum solcellepanelet produserer dagleg. Og kor mykje du sel om du ikkje brukar straumen sjølv.
Ein kan sjølv følgje med på kor mykje straum solcellepanelet produserer dagleg. Og kor mykje du sel om du ikkje brukar straumen sjølv.

Me kan lure på om det er nok sol på fjellet i Norge. Men det er faktisk 1000 soltimar i snitt i nesten heile landet. Og snø og kulde er visstnok berre ein fordel. Snø reflekterer meir solcelle-energi inn på modulane. På Tynset har dei gjort ein test i månaden februar. Eit anlegg der produserte straum kvar einaste vinterdag. Og på den kaldaste dagen, som det var klarvêr, hadde anlegget heilt klart høgast produksjon.

– Variasjonane i det norske klimaet er visstnok bra for solcelle-anlegg, seier Owesen som sjølv har vald panel som er av litt høgare standard og produserer meir straum per panel.

– Eg reknar med at me får straumrekninga redusert med ein fjerdedel.

I Norge brukar me mykje straum til oppvarming. Eit enøk-tiltak på taket kan lokalt varme opp varmekablane på badet, varmtvatns-tanken, varmepumpa og panelomnane. Taket blir rett og slett ein naturressurs til noko me verkeleg treng. Solcelleanlegget produserer straum ein elles måtte kjøpe.

Dyrare straum

– Straumprisen skal auke med 2–4 prosent seier dei. Det tek nok ein 10–15 år før eg tener inn att investeringa på 116.000, minus 16.000 i Enova-tilskotet. Men det er ein klimafaktor inni dette også. I tillegg gjer me ungane bevisst på straumbruken, fortel Owesen som helst ikkje vil nytte «vasstraum» til oppvarming. Hjå dei blir det varma opp med ved, pellets og energi frå sola.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner den flotte vasskrafta vår burde gå mest mogleg til grøne arbeidsplassar som for eksempel til gondolar, fjernvarmeanlegg og liknande. Medan me bør bli flinkare til å nytte alternativ energi, som til dømes bioenergi til oppvarming.

– Me gror ned. Ressursane ligg og rotnar. Kvar GWh (gigawattime) produsert av bioenergi representerer 410.000 kroner i lokal verdiskaping. Hallingdal har, som autonom region, dei beste høva til å ta ei aktiv og leiande føring for ei betre framtid. Men det krevst endring i produksjon og konsum. For å få det til, må det lenger fram i pannebrasken hjå alle. Og nokon må gå føre og syne veg, seier han.

Trebarnsfaren legg til at sparebanken har miljølån med marknadens absolutt beste lånevilkår, 0 prosent rente første året, til nettopp slike investeringar.

– Verdien på bustaden din aukar også, påpeikar han.

Gamal kunnskap

– Dette er gamal kunnskap. Me har hatt solcellepanel på hytta i mange år. Og det funkar fint enno. Dei nye har ei levetid på 25–30 år, minst. Eg begynte å lure på kvifor ikkje fleire gjorde dette på huset sitt. Owesen tok kontakt med ein leverandør, tok bilete av taket sitt og sikringsskåpet, og dermed var det gjort. Det tok tre mann ein halv dag i august og få alt på plass på taket og i sikringsskåpet.

– No vil eg ha fleire panel. Eine sida på garasjetaket er brukbart. Her er det plass til 18 panel, fortel han.

– Halverer du straumrekninga i såfall?

– Ja, eg skulle tru det, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva med snøen då? Legg det seg ikkje på panela?

– Eg har ganske bratt tak. Erfaringar syner at snø ikkje legg seg på, men gjer det det, må eg opp og få vekk snøen. Men dei toler visst ganske mykje. Elles er det forholdsvis vedlikehaldsfritt, seier han.

Utanfor garasjen står ein elbil.

– Otovo sa at største grunnen til at folk kjøper solcelle-anlegg, er at dei skal lade elbilen sin. Me er ein familie på fem som har vald å busetje oss sentralt, så me har ein elbil. Samt ein «konebil», som er ein elektrisk sparkesykkel. Me nyttar kollektiv transport som best me kan. Eg kjenner at solcellepanel er ein naturleg del at den klimavennlege kvardagen. Me vil vere framoverlent og legge til rette for klima og miljø så me kan overlate verda i ein betre stand enn då me tok over. Men då må alle bidra.

Nedover i Europa har solcellepanel-skogen vakse på svært mange tak. Norge kjem etter. Solcellepanel er forholdsvis enkelt å installere og fleire leverandørar tilbyr «nøkkelferdige» løysingar.

Panela kan og integrerast i taket.

Folk flest brukar litt tid til å venne seg til tanken på å produsere eigen straum. I fjor hadde kring 700 husstandar solcellepanel. Og det aukar. Entusiastane kastar seg på bølga. Den typiske solcelleentusiasten er visstnok middelaldrande menn med teknisk interesse og god økonomi.

Enkelt

Det er enkelt å installere eit solcelle-anlegg på huset. Det tek om lag éin dag. No kostar eit anlegg mellom 50.000 og 150.000 i snitt. På nettet kan ein raskt få eit prisoverslag. Ein tastar berre inn adressa si, så reknar leverandørane ut solforholda og kor mange panel huset ditt kan ha.

Ein kan og få opp mot 30.000 kroner i støtte gjennom Enova om ein startar produsere eigen straum med fornybare energikjelder som sol eller vind. Det er og høve til å få støtte til elproduksjon på hytta.

Er det lønnsamt?

Ein kan spare inn mellom 15–20 prosent av det ein gjennomsnittleg husstand nyttar til straum i året. Med dyrare straumprisar framover, kan det vere ei lur investering. Ikkje minst er solcellepanel ein miljøvennleg produksjon av straum. Og – du kan selje straumen du ikkje brukar vidare, om du har dei nye AMS-målarane. Solcelle-straum er nemleg ferskvare. Men det finst i tillegg batteripakker ein kan investere i som let deg lagre straumen sola lagar for deg.

Celle og fangar

Ein solfangar fangar varmen frå sola, som igjen kan transporterast vidare til forbruk eller varmelager, som for eksempel varmtvatn eller oppvarming av eit rom.

Eit solcelleanlegg omdannar solenergi til elektrisk energi som kan nyttast direkte i eit elektrisk apparat, lagrast i batteri eller seljast vidare via straumnettet.

Noko for deg som...

* ... har eit ønske om å produsere eigen straum på ein grøn, miljøvennleg måte.

* ... har plusskundeavtale med nettselskap om produksjon av straum. Og som har installert dei nye straummålarane.