– Eg har vore interessert i solcelleanlegg sidan eg kjøpte mi fyrste bok om emnet på slutten av 1980-talet, seier Håkon Haug Laa.
– Eg har vore interessert i solcelleanlegg sidan eg kjøpte mi fyrste bok om emnet på slutten av 1980-talet, seier Håkon Haug Laa.

– Me har sol heile året

Han har skrudd solcellepanel over mesteparten av låveveggen. – Men eg blir nok ikkje heilt sjølvforsynt med straum, seier Håkon Haug Laa.

Dei fyrste hyttene fekk solceller for fleire tiår sidan. I starten gav det ikkje meir enn litt månelys frå nokre 12 volts lamper. Med tida har hyttene blitt utstyrt meir og meir som moderne hus. Det er likevel eit steg frå solcellepakken i ei moderne hytte til det som heng på låveveggen i Øvre-Ål. Anlegget er det fyrste i Hallingdal som blir kopla på nettet til Hallingdal kraftnett for å levere overskotet ut på straumnettet.

– Sola lyser berre på dagtid. Dei timane det er mørkt, må me sjølvsagt ha annan straumforsyning. Heilt sjølvforsynte blir me ikkje. Men det gir eit godt tilskot, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klimaavtrykk i elbil

I fjor kjøpte familien elbil, ein Kia Soul Electric Exclusive. Det var bilkjøpet som fekk han til å gå i gang med å byggje sitt eige «kraftverk». Han let seg terge opp av folk som hevda bilen var ein karbonversting som gjekk på kolkraft frå Europa.

– Det er berre tull at me importerer mykje kolkraft frå Europa, men det var likevel kommentarane om bilen som fekk meg til å handle, seier han. Haug Laa ville ikkje ha på seg at elbilen sette eit tungt klimafottrykk i øvreålsbakkane. Han bestemte seg for å selje tråkkemaskinen. Pengane brukte han til å investere 21 solcellepanel.

– Eg tente uansett ingen ting på å tråkke skiløyper. Tråkkemaskinen gjorde at investeringa gjekk opp i opp, seier han.

På høglys sommardag kan dei 21 solcellepanela gje ein effekt på 5,4 kilowatt. Det svarar til effekten av fem panelomnar.
På høglys sommardag kan dei 21 solcellepanela gje ein effekt på 5,4 kilowatt. Det svarar til effekten av fem panelomnar.
21 solcellepanel kan gje ein effekt på 5,4 kilowatt. – Eg håpar anlegget kan produsere 10–12.000 kilowattimar i året, seier Håkon Haug Laa.
21 solcellepanel kan gje ein effekt på 5,4 kilowatt. – Eg håpar anlegget kan produsere 10–12.000 kilowattimar i året, seier Håkon Haug Laa.

– Teknologien har blitt billigare

Håkon Haug Laa har interessert seg for klimavenleg teknologi i fleire tiår. Som student på landbrukshøgskulen på Ås tidleg på 1990-talet forska han på korleis ein kan bruke trevirke til å lage drivstoff.

– Det er 23 år sidan eg skreiv rapporten. Fyrst i dag er det planar om å byggje eit slikt anlegg på Follum. Ved sida av solceller, er biodiesel også ein del av framtida. Eg har vore interessert i solcelleanlegg sidan eg kjøpte mi fyrste bok om emnet på slutten av 1980-talet. Teknologien er spennande. Seinare har eg skaffa meg fleire bøker om elbilar, også om å byggje elbil sjølv. Men det har eg jo ikkje tid til. Eit anlegg for å produsere solenergi, derimot – det hadde eg lyst til å skaffe meg, seier han.

Sjølve solcellepanela ikkje har endra seg så mykje sidan starten, men dei har blitt billigare. I tillegg har komponenten som omformar likestraum til vekselstraum, blitt vesentleg betre. Det gjer at ein kan hente ut større effekt i dag enn for få år sidan.

Lyst 18 timar i døgeret

Sørveggen på låven har gode solforhold. Mens folk nede i dalbotn ligg i solskugge den mørkaste vinteren, blenkjer det i bakkane øvst i Øvre-Ål heile året. Rett nok vil solcellene berre ha effekt 5–6 timar dagleg om vinteren. Den nordiske sommaren er derimot bra for å produsere straum av solenergi.

– No er det lyst 18 timar i døgeret. Det beste hadde vore om sola stod i ro og lyste på sørveggen av låven heile tida. Det gjer ho dessverre ikkje. Etter kvart som sola går mot vest, fell veggen til slutt i skugge. Då går effekten ned, seier Haug Laa. Sist veke fekk han hjelp til å skru 16 panel opp på veggen. Dei siste fem ligg i ein pappeske inne på låven. Han lyftar eitt av panela ut i dagslys for å måle spenninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 34 ... nesten 35 volt. Ved fullt sollys kan kvart panel ha ei spenning på 38 volt og gje ein straumstyrke på 9 ampere, seier han. På høglys sommardag kan dei 21 solcellepanela gje ein effekt på 5,4 kilowatt. Det svarar til effekten av fem panelomnar.

Blir ikkje sjølvforsynt

Solcelleanlegget kosta 70.000 kroner i innkjøp. I tillegg har han hatt kostnader til elektrikar og lagt ned ein del timar i eigeninnsats. Enova har støtta prosjektet med 16.000 kroner.

– Nedbetalingstida på investeringa er avhengig både av straumprisen og kor mykje eg produserer, seier han. Mens ein vanleg husstand i Hallingdal har eit årsforbruk på kring 20.000 kilowattimar, er bøndene vesentleg meir kraftkrevjande. Gardsbruket i Øvre-Ål brukar har eit årsforbruk på kring 40.000 kilowattimar.

– Det er vanskeleg å vite kor mykje solcellepanelet kjem til å produsere. Det veit eg fyrst når eg har hatt det i drift to-tre år. Eg håpar å produsere 10–12.000 kilowattimar. Det er mest lønsamt viss eg brukar straumen eg produserer sjølv. Då sparar eg både nettleige, avgifter knytt til forbruk, i tillegg til sjølve straumprisen. No er straumen så låg at det er dårleg butikk å sende straumen ut på straumnettet til spotpris, seier Haug Laa.