Skissene frå arkitektkonkurransen er på idéstadiet. Men det er slik det kan bli sjåande ut med nye Geilo Taubane.

– Geilo Taubane i ny drakt - i ny tid

Her er dei heilt ferske planane for nye Geilo Taubane. - Den vil gi bygda eit enormt løft, seier Arne Pålgardhaugen.

Pålgardhaugen peikar oppover lia frå Geilo stasjon mens det vestgåande toget lastar passasjerar av og på tysdag ettermiddag. Om få år kan reisande gå rett frå toget, over den nye brua, krysse ein gangveg og stige rett inn i taubanen.

– Taubanen kan skape ein heilt ny reiserute her på Geilo, til og med frå Oslo og Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

1600 meter lang

På perrongen har han med seg dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen, administrasjonssjef i Geilo Holding, Ole K. Kristiansen, og sals- og marknadsansvarleg i SkiGeilo Utvikling, Guro Pålgardhaugen. Arne Pålgardhaugen eig halvparten av Geilo Holding og er styreleiar i det nystarta selskap SkiGeilo Utvikling. Det er dette selskapet som står for utviklinga av den nye taubanen.

Arne Pålgardhaugen har stor tru på at nye Geilo Taubane vil gi bygda eit løft. Her står han saman med dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen bak t.v.), administrasjonssjef i Geilo Holding, Ole K. Kristiansen og sals- og marknadsansvarleg i SkiGeilo Utvikling, Guro Pålgardhaugen.

No presenterer dei for første gong dei heilt ferske planane. Nye Geilo Taubane er på kring 1600 meter og har kabinar for ti personar. Traseen går til Geilohovda og ned i Havsdalen.

– Det er lagt store ressursar i dette. Vinnaren i arkitektkonkurransen vart utpeikt av ein breitt samansett jury med andre næringsaktørar på Geilo. Dette er Geilo Taubane i ei ny drakt og i ei ny tid, seier dei.

– Me har gode kontaktar i Kitzbühel og har henta mykje inspirasjon frå den nye Fleckalmbanen der, seier Arne Pålgardhaugen.

Geilo Taubane

Geilo Taubane er klassisk Geilo. Og som det heiter i historia om den:

– Taubanens historie er på mange måtar historia om turistutviklinga på Geilo.

Framande tungemål hadde vore vanleg å høyre i bygda sidan før 1920. Men det var etter opninga av taubanen i 1954 at bygda for alvor vart ein internasjonal skidestinasjon. 40 millionar passasjerar frakta heisen fram til 2011. Då var det slutt etter 57 års drift.

Slike bilete av taubanen var med på å bygge opp bygdas status som turistdestinasjon.

No tek dei taubanen tilbake i omtrent nøyaktig same trasé.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På 1950 og 60-talet kunne det stå kø gjennom Holms-undergangen mot sentrum med folk som ville ta heisen. Me trur den nye heisen kjem til å skape meir folkeliv i sentrum att, seier Pålgardhaugen.

For alle

Det er ikkje utan grunn dei står på Geilo stasjon. For utviklinga her, med den nye jernbanebrua som etter planen opnar før jul, er ein utløysande faktor i arbeidet med den nye kabinheisen.

– Me må rose arbeidet Hol kommune og Bane Nor har gjort her. Dette gir eit heilt anna utgangspunkt enn andre gondolbanar, seier Pålgardhaugen.

Idéskisse frå toppen av Geilohovda.

For brua knyter heile sentrum saman og det vil skape grobotn for nye butikkar og meir liv også i øvre del. Målet er å bygge vidare på Geilo som utgangspunkt for naturopplevingar både sommar og vinter. Ønsket er å skape opplevingar i Hallingskarvet nasjonalpark, på høgfjellet, Geilohovda og Havsdalen.

– Kabinheisen er brukarvenleg. Alle, uansett fysisk nivå, kan kome seg ut, seier dei.

– Me har eit godt samarbeid med dyreeigarane på stølane. Det er jo litt artig at me serverer ost i våre restaurantar frå dyr som har beita i alpinbakkane våre, seier Pålgardhaugen.

Arne Pålgardhaugen peikar ut retninga for Geilo Taubane. Frå den nye brua på Geilo stasjon kan passasjerar gå rett inn i kabinheisen.
Les også
Nytt selskap og store planar

Grøn mobilitet

Eit anna heilt sentralt moment med den nye heisen, er at den blir ei ny reiserute mellom Geilo og Havsdalen. Med denne kan folk enkelt kome seg tur-retur sentrum utan bil. I framtida kan reisande til Geilo kome med toget og reise til hytta, leilegheita eller hotella utan bilen.

Skisse av korleis det kan bli sjåande ut i dalstasjonen. Her kan det bli både kafear og butikkar.

– Alt me gjer er retta mot sentrum, korleis me skal skape meir liv og få ned biltrafikken. For oss er dette eit spesielt prosjekt, eit prosjekt for destinasjonen. Me håpar dette vil generere mykje for Hol, seier Pålgardhaugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innkjøpet av tre skibussar i 2017 viser at dei meiner alvor med det dei kallar grøn mobilitet. Desse har sidan frakta skigjestene mellom alpinanlegga i bygda.

– Dette kan forsterkast. Det bør kanskje gå ein buss forbi der folk bur, seier Pålgardhaugen.

Inviterer til folkemøte

1. desember inviterer SkiGeilo Utvikling til folkemøte om taubaneplanane. Slik vil dei sikre at alle som vil, kan ytre seg.

– Me er spente på engasjementet. I møtet vil det bli informasjon og presentasjonar, kanskje også ein paneldebatt. Terskelen for å kome med innspel er låg, seier sals- og marknadsansvarleg Guro Pålgardhaugen.

SkiGeilo Utvikling seier dei skal vere opne om alle planar og at innbyggarar eller hytteeigarar skal kunne følge med på planane. Berekraft og miljø er også viktig. Eit eige berekraftdokument blir laga for taubanen.

– Me legg ut informasjon om arbeidet i våre kanalar i sosiale medium. Her kan folk følge med, seier Pålgardhaugen.

2024?

Det er enorme investeringar på fleire hundre millionar kroner som må til for å realisere taubanen. Førebels er skissene på idéstadiet. No skal dei lufte interessa blant geilingar og elles i kommunen. Så må arbeidet med ein reguleringsplan starte. Finansieringa må også sikrast.

– Me har sagt at me har eit mål om vere godt i gang til taubanens 70-årsjubileum i 2024, seier dei, og er ikkje i tvil om at den vil kunne gi bygda ein ny dimensjon.

– Geilo er kompakt. Med dette konseptet er me ein fjellandsby ingen kan kopiere.

Les også
– No er det full framdrift
Les også
Frå IT, politikk og redaktørjobb: No er han ny journalist i Hallingdølen
Les også
Takk - men nei takk