Brua på Geilo stasjon vart heist på plass laurdag. Brua knyter sentrum til Hegnavegen og området mot Dr. Holms.

– No er det full framdrift

Gangbrua på Geilo stasjon er på plass - ti år etter at planane for første gong vart lanserte.

I helga vart stålkonstruksjonen heist på plass då det var togfri på Bergensbanen.

– Alt gjekk etter planen. Konstruksjonen var på 20 tonn. Det vart ei god helg, seier prosjektleiar i Hol kommune, Erik Kaupang.

Artikkelen held fram under annonsen.

I rute

Det er om lag eitt år sidan det var offisiell opning for anleggsarbeidet. I løpet av sommaren og hausten har det vorte bygd trappetårn og heistårn. Det er entreprenøren O.L. Kythe frå Voss som bygger. Gjeraldstveit Mekaniske og Johs. E. Øvsthus, også desse frå Voss, leverer høvesvis stål og trevirke.

– Samarbeidet med entreprenørar og Bane Nor er godt, seier Kaupang.

Når er det offisiell opning?

– Desember er målet. No er det full framdrift.

Trappetårn og heistårn har vorte reist tidlegare i haust. Laurdag vart sjølve brukonstruksjonen på 20 tonn heist på plass.

Opnar for mykje

Bygginga og opninga av gangbrua kan innleie ei ny tidsrekning i bygda. Brua knyter sentrum til området mot Dr. Holms hotell og Hegnavegen på ein heilt ny måte. Det sikrar planfri kryssing av jernbanen. Plattforma på stasjonen skal også byggast på.

Men det kan også utløyse nye utbyggingar, slik som den nye kabinheisen Geilo Holding og det nye selskapet SkiGeilo Utvikling no legg store planar for. Då vil det vere mogleg å gå rett av toget eller frå sentrum og inn i ein heis til Geilohovda og Havsdalen.

– Dette blir flott for Geilo, seier Kaupang.

Trappetårn og heistårn har vorte reist tidlegare i haust. Laurdag vart sjølve brukonstruksjonen på 20 tonn heist på plass.
Les også
Nytt selskap og store planar
Les også
Ny tidsrekning for Geilo stasjon

Siste byggetrinn

Kaupang har vore prosjektleiar for utbygginga av Geilo stasjon i over ti år. Brua har vore rekna som siste trinnet før alt er ferdig utbygd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anleggsarbeidet har gått for fullt sidan i sommar. I slutten av september såg det slik ut.

Sidan 2016 har Hol kommune hatt alt klart. I ein designkonkurranse vart vinnarbrua kåra. Fundamentet til brua var også raskt på plass, men det var finansieringa det stod på. I fjor vart det klart at Bane Nor fekk 40 millionar kroner til utbygginga. Hol kommune er byggherre og går inn med fem millionar.

Les også
Bane Nor får inntil 40 millionar til ny bru