Innlandet er like farleg som sjølivet

Tala for årets seks fyrste månader, syner at 41 menneske drukna i løpet av tida frå og med januar, til og med juni. Dette er ein meir enn i same tidsrom året før.

At ni av desse drukningane kom i mai, er neppe tilfeldig. Godvêret lokka mange ut til kyst, vatn og vassdrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to mest kritiske månadene er juli og august. Dei tunge feriemånadene kravde i fjor i alt 24 ofre i drukningsulukker.

Her i innlandet er det fort å tenke seg at langt dei fleste drukningar skjer når me er ute på sjøen i båt. Dette er ikkje heilt rett.

Les også
Slutt å fjakle - set opp eit skilt

I fjor drukna 23 frå fritidsbåt, medan 26 drukna etter fall frå land. Ein stor del av desse, drukna i elvar og vatn. Livet i innlandet er slik sett ikkje tryggare enn livet ved sjøen.

Tala syner dermed at drukning i høg grad, er aktuell problematikk for alle. Bruken av fritidsbåt er rett nok mindre omfattande i innlandet enn ved kysten. Men fall frå land, er eit like aktuelt tema i dalstroka.

Bekkar, elvar, tjern og innsjøar finst i rikt monn. Difor er det all grunn til å tenkje aktivt rundt korleis ein kan sikre ferdsel langs desse, på ein slik måte at me førebygger ulykker.

Dette kan vere alt frå skilting og plassering av stigar på trygg grunn, til stengsler mot farlege område. Det viktigaste er uansett at me sjølve er medvitne om risikoen med å ferdast langs vasskanten.

Les også
– Mannen sklei og fall ut i elva

Statistisk er det tre faktorar som toppar, når det gjeld å sikre mot drukning. Den eine er å vere kvinne. Offera for desse ulykkene er i hovudsak menn. Heile 94 prosent. Til no i år er det snakk om 36 menn og fem kvinner.

Den andre faktoren er at det også her er lurt å vere ung. Av dei 89 som drukna i fjor, var heile 46 menn i alderen frå 61 år og oppover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist og viktigast, syner all erfaring at det er viktig å kunne symje. Dei grunnleggande bein- og armtaka er essensielle, uansett om det handlar om ferskvatn eller saltvatn.

Ting skjer fort når nokon fell uti. Ofte handlar det om få, men kritiske, meter når ein skal berge seg sjølv, eller andre. Dei livreddande bein- og armtaka er difor like viktige også denne sommaren.