Slutt å fjakle - set opp eit skilt

I fjor sommar omkom Une Celine Grønsdal etter ei fallulykke frå Hallingskarvet. Ulykka skjedde etter at ho hadde teke seg opp Prestholtstien. Ho var ei av dei om lag 20 som omkom i fallulykker i fjellet det året. Tala dei siste åra ligg på same nivå.

Tragedien har vore omtala i Hallingdølen fleire gonger, utan at det har ført til noko. Etterlysing av betre sikring, til dømes i form av skilting, har ikkje ført fram. Bakgrunnen er truleg frykt for å ta på seg ansvar både for skilta og for eventuelle ulykker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me kan fyrst setje tala over fallulykker i fjellet i samanheng. Det døyr om lag fire gonger så mange i drukning kvart år. Halvparten av desse fell uti frå land. Dette er om lag dobbelt så mange som i fjellet. I begge tilfelle handlar det om titals menneskeliv

Forskjellen i merksemd er formidabel. Kvart år ser me nasjonale kampanjar mot drukningsulykker. Det er påbod i flytevest i småbåtar, og om skilting og redningsutstyr der omgivelsane er tilrettelagt for omfattande allmenn ferdsle, til dømes på damanlegg,

I fjellet er det annleis. Der er det fri ferdsle og eige ansvar som gjeld. Me skal vera dei fyrste til å forsvare fri ferdsle, og ynskjer ingen avsporing av debatten i så måte. Men me ser ingen grunn til at den frie ferdsla skal væra til hinder for rimeleg fornuftig sikring.

Rett nok hevda den kjende filosofen og naturvernaren Peter Wessel Zapffe, på midten av førre århundre at naturen skulle vere fri for all tilrettelegging for ferdsle. I debatten om det som leia fram mot dagens omfattande bruk av fjellet, tok han til orde for at dei som skulle bruke naturen, sjølv måtte sjå til å vera kvalifisert for den slags.

Ei slik ekstrem halding fekk aldri fotfeste. Dei siste åra har både ferdsla, og tilrettelegginga for denne, auka sterkt. Å bruke naturen har også vorte eit spørsmål om folkehelse. Det er ingen tvil om at flest mogleg bør koma seg ut av stolen og inn i naturen, slik enkelte naturvener uttrykker det.

I Øvre Buskerud finst mange ulike tilrettelagde vegar ut i naturen. Nokre ligg i nasjonalpark, som trappa opp til Hallingskarvet. Ulike aktørar står bak tilrettelegginga på dei ulike stadane.

Me ser ingen grunn til å flisespikke om kva slags status fjellområdet, eller tilrettelegginga, har. Me meiner at dersom ein legg til rette for auka ferdsle, enn den heilt ordinære, så bør ein ha med seg ein tanke om behovet for sikring.

Me er klar over at dette er ein balansegang, og me ynskjer ikkje å svekke det personlege ansvaret. Men i vårt samfunn, så er handtering av risiko eit ansvar for alle involverte. Det er difor rimeleg vente seg til dømes skilting som fortel noko om risikoen i område som folk blir sterkt oppmoda om å bruke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det handlar ikkje om dei store tiltak. I dei fleste tilfelle vil det handle om skilting eller informasjons-plakatar i område der mange går. Slike tiltak vil uansett vera minimale naturinngrep sett opp i mot ein opparbeida stig, eller ei trapp.