Mannen som vart funnen død i Hallingdalselva måndag kveld, har truleg sklidd og falt uti vatnet.
Mannen som vart funnen død i Hallingdalselva måndag kveld, har truleg sklidd og falt uti vatnet.

– Mannen sklei og fall ut i elva

Politiet meiner drukninga i Hallingdalselva måndag kveld skjedde som følgje av ei ulykke.

Store leitemannskap søkte måndag kveld etter ein sakna mann i 30-åra i Hallingdalselva nær E-CO på Gol. Han budde ved Gol statlege mottak, vart funnen død klokka 22.40 same kveld.

– Me har ikkje grunn til å tru at dette er noko anna enn ei ulykke, seier lensmann Pål Kasper Mikkelrud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dramatisk hending

Eit vitne har forklart til politiet at han og den forulykka sat ved elva og prata måndag ettermiddag, nær brua der utløpstunnelen frå Hemsil II-kraftstasjonen munnar ut. Dei hadde teke av seg på beina for å duppe føtene i vatnet. Mannen i 30-åra skal ha sklidd og falle ut i vatnet.

– Kompisen ringde politiet i halv sekstida og hadde panikk. Det var ei dramatisk hending, seier Mikkelrud.

Ventar på rapport

Politi, dykkarar, brann, ambulanse, luftambulanse, mannskap frå Røde Kors og hundar deltok i leiteaksjonen måndag kveld. Mannen vart funnen omkomen ikkje langt unna staden han skal ha sklidd uti.

– Han vart sendt til obduksjon i Oslo tysdag. Kanskje får me ein førebels rapport i dag, onsdag, eller i morgon. Me forventar ikkje å finne noko anna i rapporten enn at døden skuldast drukning. I rapporten kan me òg få stadfesta identitet, seier Mikkelrud.

Tysdag føremiddag heldt lensmannen informasjonsmøte på Gol statlege mottak.

– Det er viktig å få ut informasjon, for dei har jo ein del spørsmål. Situasjonen var roleg og beherska. Dei tok det med fatning, seier han.