Bergensbanen opna att

Bergensbanen er opna att etter at eit tog køyrde inn i eit snøskred mellom Gravhalstunnelen og Upsete stasjon natt til sundag.

Det melder Bane Nor på sine nettsider. Natt til sundag køyrde eit tog på veg frå Oslo til Bergen inn i eit snøskred mellom Gravhalstunellen og Upsete stasjon. Toget kom fram til Bergen stasjon i 12.15-tida sundag. Bergensbanen vart stengt mellom Geilo og Mjølfjell etter ulykka. Sporet er no rydda, og strekningen er dermed open att for togtrafikk.

Les også
Tatt av skred på Bergensbanen