Tatt av skred på Bergensbanen

Eit tog med 115 passasjerar ombord køyrde inn i eit skred på Bergensbanen i natt, og vart ståande fast. No er både tog og passasjerar frakta ned til Myrdal stasjon.

Nødetatar og redningsmannskap fekk melding om at eit tog hadde køyrd inn i eit snøskred ved Upsete stasjon på Bergensbanen like før midnatt, natt til sundag. Kring klokka 03.30 stadfesta politiet at to hytter og eit skur var tekne av skredet, men at båe hyttene var ubebudde. Det er ikkje meldt om personskade.

115 personar ombord

Det var ettermiddagstoget frå Oslo til Bergen som køyrde inn i snøskredet ved Gravhalstunellen, rett aust for Upsete stasjon. Toget var alt tre timar forseinka då det passerte Myrdal like før ulykka. Det skal ha vore 115 passasjerar og tilsette ombord i toget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måtte overnatte på toget

Det var ikkje mogleg å få passasjerane ut av rasområdet, og dei måtte difor bli på toget over natta. Det er ikkje meldt om skade på korkje folk, eller på sjølve toget. Kring klokka 08.30 sundag føremiddag meldte politiet på Twitter at toget var frakta ned til Myrdal stasjon. Dei 115 passasjerane er framleis ombord i toget, og blir no tatt hand om av Vy og Bane Nor.

– Dette er ein veldig lei situasjon for kundane som fyrst opplevde ein forseikna avgang frå Oslo, og deretter ein trøblete avslutning på turen. Me forstår godt at folk er både slitne og frustrerte. Mannskapane våre jobbar på spreng for å få alle tryge ned frå fjellet, seier pressevakt Liv Tone Otterholt, i ei pressemelding på Bane Nor sine nettsider.

Ikkje meldt om personskade

Natt til sundag vart redningsmannskap sendt inn i området med tog frå både Voss og Finse, i følgje NRK. Kring klokka 05.30 meldte politiet på Twitter at toget var trekt fri frå snømassane, og inn i Gravhalstunellen. Samstundes sette politiet i gang overflatesøk i området, for å sikre at ingen var tatt av skredet.

To hytter tatt av skredet

Etter å ha rykka ut til togulykka, fann politiet gjenstandar i snømassane som tyda på at ein eller fleire hytter var tatt av skredet. Etter eit par timar stadfesta politiet at ingen av hyttene var bebudde.

Bergensbanen stengt

Inntil vidare er Bergensbanen stengt mellom Geilo og Mjølfjell. Også Flåmsbana vart stengt laurdag ettermiddag etter eit ras mellom Blomheller og Berekvam.

Hallingdølen oppdaterer saka.

Bergensbanen var stengt i kring to døgn tidlegare denne veka, etter eit snøskred ved Kleven, mellom Myrdal og Hallingskeid.