Drapet skjedde i ei leilegheit i Oslo der dei tre hallingane var samla. Dette skjedde på same dag som Halloween vart markert. Derfor fekk drapet i media merkelappen "Halloweendrapet". Bilete viser politiet i arbeid på åstaden.

«Halloween-drapet»: Trekte anken — det tvungne vernet er avslutta: – Det har vore ei enorm belastning

11 år etter knivdramaet i ein leilegheit i Oslo er ikkje lenger gjerningsmannen underlagt tvungent psykisk helsevern.

Mannen frå Geilo vart tiltalt og dømt for det såkalla Halloweendrapet 30. oktober 2011. I august 2013 kom straffesaka opp for Oslo tingrett.

Påtalemakta kravde fengsel i 16 år, men retten dømde han til overføring til tvungent psykisk helsevern. Retten kom til at han ikkje var tilrekneleg i då drapet skjedde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vurderinga av det tvungne vernet har vore til rettsleg vurdering tidlegare, men retten avgjorde både i 2015 og 2018 at det skulle halde fram.

Halloween-drapet

* 30. oktober 2011 vart Andreas Nilstad (22 frå Hemsedal drepen med kniv i ein leilegheit i Oslo.

* Ein annan hemsedøl, Marius Løken, vart livstrugande skadd.

* Ein kamerat av desse frå Geilo vart arrestert same natt.

* Han vart tiltalt for forsettleg drap under særs skjerpande omstende.

* Han nekta straffskuld. Han hevda at han var psykotisk i gjerningsaugneblinken.

* Påtalemakta kravde fengsel i 16 år.

* 30. august 2013 vart han dømt til overføring til tvungent psykisk helsevern. Riksadvokaten anka ikkje dommen.

Oppheva vernet

For snart eitt år sidan kom Buskerud tingrett til at det tvungne psykiske helsevernet skulle opphevast. Retten kom til at han er å sjå som frisk.

Denne avgjerda vart anka til lagmannsretten, og det er denne anken Borgarting lagmannsrett no har behandla. Men i sin prosedyre fråfall aktor, statsadvokat Johan Øverberg, anken, og la ned påstand om at ankesaka vart heva. Både forsvararen, Mette Yvonne Larsen, og sikta gav samtykke til dette.

Lagmannsretten avsa ei kjenning der ankesaka vart heva. Dommen i tingretten om opphøyr av tvungent psykisk helsevern blir ståande.

Kritisk

– Det var heilt unødvendig å vente i eitt år. Men no er han ein fri mann, seier advokat Mette Yvonne Larsen, til Hallingdølen.

Ho er svært kritisk til måten påtalemakta har gått fram på i denne saka.

– Vestre Viken, som hadde ansvaret for oppfølginga, ville ha han ut alt året etter. Men statsadvokaten har kjempa i sjå-åtte år med dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier at geilingen som ho har representert er i full jobb, og er ein reflektert vanleg mann.

Korleis har desse åra vore der han har vore underlagt det tvungne vernet?

– Det har vore ei enorm belastning. For når ein underlagt tvungent psykisk helsevern, får ein også problem med pass og bankkort og kan ikkje reise ut av landet.

– Frisk

Då straffesaka vart behandla i Oslo tingrett i 2013, gjekk det føre seg ein fagleg dragkamp i rettssalen mellom dei sakkunnige. Ingen av dei var usamde om at den då 23 år gamle Geilo-mannen var i akutt psykose drapsnatta, men dei var usamde om kva som utløyste tilstanden. Mette Yvonne Larsen seier at i ankesaka i lagmannsretten var både rettspsykiateren og dei som har følgt han opp heilt klare.

– Han er frisk og har vore det i mange år, seier Mette Yvonne Larsen.

Det har ikkje lykkast å få ein kommentar frå statsadvokat Johan Øverberg, som førte saka for lagmannsretten og fråfall anken.

Les også
Foredrag i Hemsedal
Les også
Barndomskameratane flytta til Oslo for å ha det gøy og leva eit spennande liv - men idyllen fekk ein brå slutt
Les også
Tilrekneleg eller psykotisk?