Marius Løken kjem til Hemsedal med foredraget «Snu motgang til medgang» 14. november.
Marius Løken kjem til Hemsedal med foredraget «Snu motgang til medgang» 14. november.

Foredrag i Hemsedal

Måndag 14. november held Marius Løken foredrag i kyrkjestugu i Hemsedal.

Foredraget «Snu motgang til medgang» handlar om den tøffe vegen attende til livet, både fysisk og mentalt. Hemsedølen vart påført 20 knivstikk under det såkalla Halloween-drapet. Han overlevde så vidt. Etter å ha lege i koma på sjukehuset, starta den seige vegen attende til ein kvardag han kunne handtere.

No vil han motivere folk og dele den kunnskapen han sjølv har opparbeidd seg. Metodane har han sjølv prøvd ut. Med hell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foredragsturne

Målet er å få fram potensialet i kvar enkelt menneske. Det er utruleg kor mykje kapasitet, mot og styrke eit menneske har i seg, trass motgang.

Marius Løken er midt i ein omfattande foredragsturne. I november og desember er det 20 foredrag i månaden. Midt oppi dette gir han ut boka om hendinga og livet etterpå gjennom forlaget Cappelen Damm.

Fullt hus?

– Eg gler meg så mykje til å syne alle i Hemsedal kva eg har å gjere på ei scene. Kva eg har lært og kven eg er blitt. Og korleis det har vore å vere meg. Eg gruar meg slett ikkje, seier Løken. Kyrkjestugu i Hemsedal rommar 250 personar. Marius Løken har snakka framfor 600 studentar.

– Det må vel vere litt spesielt å halde dette foredraget i heimbygda?

– Eg håpar det blir trongt og at det kjem folk frå heile Hallingdal, svarar Løken.