Politietterforskarar i arbeid like etter drapet på Bislett i Oslo der ein hemsedøl vart drepen og ein annan hardt skadd. (Faksimile frå Hallingdølen)
Politietterforskarar i arbeid like etter drapet på Bislett i Oslo der ein hemsedøl vart drepen og ein annan hardt skadd. (Faksimile frå Hallingdølen)

Tilrekneleg eller psykotisk?

Dei to rettsoppnemnde psykiatrane konkluderte med at den drapssikta mannen frå Geilo var tilrekneleg i gjerningsøyeblikket. Men så snudde dei.

Psykiatrane var oppnemnt for å avgi ei erklæring til Oslo tingrett om den mentale helsa til geilingen.

Dei konkluderte, ifølgje Aftenposten, med at han ikkje var psykotisk då han drap kameraten Andreas Nilstad (22) frå Hemsedal og knivstakk ein annan hemsedøl, Marius Løken (22). Dei mente at han heller ikkje var psykotisk under observasjonen av han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny konklusjon

Men då erklæringa vart sendt til den rettsmedisinske kommisjonen, som skal kvalitetssikre rettspsykiatriske erklæringar, vart det bede om ei tilleggserklæring. Kommisjonen ønskte blant anna ei avklaring rundt ein del spørsmål om psykose.

Då dei to psykiatrane leverte tilleggserklæringa i byrjinga av oktober, var konklusjonen ein annan. Ifølgje Aftenposten konkluderte dei no med at han var psykotisk i rettspsykiatrisk forstand i gjerningsøyeblikket. No har Oslo tingrett oppnemnt to nye sakkunnige. Dei skal leggje fram ei ny vurdering av Geilo-mannen innan 1. februar.

– Ingen kommentar

Det har ikkje lykkast å få ein kommentar frå politiadvokat Kristian Hatlo.

Men til Aftenposten stadfestar han at det er oppnemnt to nye sakkunnige for å få saka best mogleg opplyst.

Då Hallingdølen spurte forsvarar Harald Stabell om korleis den sikta geilingen reagerer på dei ulike konklusjonane av tilstanden hans og den overraskande vendinga som denne saka har teke, svarar Stabell:

– Verken eg eller den sikta ønskjer å kommentere dette.

«Halloween-drapet»

Mannen frå Geilo er sikta for forsettleg drap og drapsforsøk.

Saka blir i Oslo-pressa berre omtala som halloween-drapet. Han har erkjent å ha knivstukke kameratane sine i ei leilegheit ved Bislett i Oslo natt til 30. oktober 2011. Men han har heile tida nekta straffskuld. Han har sete i varetekt sidan han vart arrestert i bakgarden kort tid etter drapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til våren

Politiet sende før jul den ferdig etterforska saka til statsadvokaten.

Han sendte den fort tilbake fordi ein trong ytterlegare opplysningar. Samstundes er det altså oppdemt to nye sakkunnige. Straffesaka mot Geilo-mannen er venta å gå for Oslo tingrett ein gong i løpet av våren.

* Natt til 30. oktober 2011 vart 22 år gamle Andreas Nilstad frå Hemsedal drepen med kniv i ei leilegheit ved Bislett i Oslo. Ein kamerat av han, også frå Hemsedal, vart hardt skadd.

* Ein 21 år gammal mann frå Geilo vart pågripen utanfor leilegheita. Han var også skadd og vart sendt til sjukehus. Han er sikta for forsettleg drap og drapsforsøk.

* I avhøyr har geilingen erkjent knivstikkinga, men nektar straffeskuld. Han er varetektsfengsla.