Ny person i Gol er bekrefta koronasmitta: – Ikkje senk skuldrene
Måndag vart i alt 17 personar i Gol testa for koronaviruset. Ein prøve kom att positiv.
– Vedkommande har vore i karantene etter innreise frå utlandet, såleis er det ryddige forhold. Det er snakk om innreisesmitte, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.
– Personen er i fin form, og i heimeisolasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Personen som no er bekrefta råka av koronaviruset er det smittetilfelle nummer 42 i kommunen denne hausten. Gol har slite med ei hard koronabølgje i fleire veker, men no er utbrotet under kontroll. Dei siste tilfella som har blitt registrert i kommunen har vore menneske som alt har vore i karantene, eit trygt teikn på at utbrotet har bremsa kraftig opp.
– Men sjølv om me har fått dempa det, må eg presisere at det ikkje er grunn til å senke skuldrene. Det er viktig at alle følgjer smittevernreglane. Dei tiltaka me innførte sist veke er gjeldande inntil vidare, seier Thurainayagam.
Samstundes som regjeringa la fram nye og strenge nasjonale tiltak, sette kommuneoverlegane i Hallingdal seg ned for å sjå på kva som skulle gjelde lokalt. Det enda i ei liste på 21 punkt, som kommunane kunne plukke frå.
Desse lokale tiltaka gjeld no i Gol:
* Vedtak om stenging for besøk ved Helsetunet er vidareført. Det er også avgjort å stenge tilgangen til alle fellesareal i omsorgsbustader, og det er på det sterkaste oppfordra om at folk ikkje skal besøke desse bustadene. Dagsenteret er også framleis stengt.
* Det blir oppfordra til å bruke munnbind i det offentlege rom der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand.
* Frisklivsentralen er opna for utandørsaktivitet, med grupper på inntil til personar.
* Fysiske møte, kurs og reiser i kommunal og offentleg regi skal avgrensast til eit absolutt minimum.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Kommunehuset er stengt for besøkande.
Slik er smittesituasjonen i Hallingdal tysdag:
Kommune | Tal på smitta |
Flå | 3 |
Nesbyen | 8 |
Gol | 42 |
Ål | 14 |
Hol | 3 |
Hemsedal | 6 |