Geilo dominerte yngre junior. Stine Espeli Olsen vann framfor Ine Marie Misund og Maria Mylius.
Geilo dominerte yngre junior. Stine Espeli Olsen vann framfor Ine Marie Misund og Maria Mylius.

Snøbrettsiger på heimebane

Fleire av geilojentene kom på pallen under norgescupkonkurransen i helga.

Snowboard: Etter nokre dagar med treningssamling, var det norgescup i slopestyle på Geilo sundag.

17 jenter deltok, dei fleste av desse i yngre junior. Der dominerte heimekøyrarane listene, og tok dei fire første plassane. Stine Espeli Olsen (121 poeng) vann framfor Ine Marie Misund (113,5) og Maria Mylius (104,3). Bettina Roll vart nummer fire med 101,8. Frå geilokvartetten var det nærare 20 poeng ned til femteplassen. I junior var det ingen deltakarar frå Geilo, medan Elise S. Herleiksplass vart nummer fem i seniorklassen.