Den norske trioen var fornøgd med åttandeplass i lag-EM Quad Cross i Nederland. F.v. Lars Holmen, Cristopher Tverråen, Ruben Setra.
Den norske trioen var fornøgd med åttandeplass i lag-EM Quad Cross i Nederland. F.v. Lars Holmen, Cristopher Tverråen, Ruben Setra.

Setra nummer åtte i EM

Golingen Ruben Setra deltok på det norske laget som vart nummer 8 i lag-EM på ATV.

Motorsport: Europameisterskapet i Quad Cross/ATV vart avvikla i Markelo i Nederland sist helg.

Kvar nasjon stilte med tre deltakarar. På det norske laget køyrde Ruben Setra frå NMK Gol, Lars Holmen, Jevnaker MK og Christopher Tverråen, frå Flittig MC.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tøff helg

Konkurransen gjekk på ein krevjande og teknisk vanskeleg sandbane. Med mykje nedbør vart det ei tøff helg for både sjåførar, hjelpemannskap og utstyr.

Tidskvalifiseringa laurdag gjekk bra for det norske laget som enda på niandeplass. Alle dei beste europeiske førarane og fleire USA-proffar var med. Finalerundane gjekk sundag, med tre finaleheat.

I fyrste heat vart Ruben Setra nummer 11 og Christopher Tverråen nummer 14 etter veldig god køyring i eit knallhardt startfelt.

Det var trongt om plassen i lag-EM i quad cross i Nederland.
Det var trongt om plassen i lag-EM i quad cross i Nederland.

Beste nokon sinne

I det andre heatet avanserte Ruben til sjuandeplass. Lars Holmen låg også godt plassert, men måtte bryte etter at clutchen rauk og enda på 21. plass.

Holmen og Tverråen køyrde for Norge i det tredje hatet. Der vart Tverråen nummer 16 etter eit rundkast. Holmen var utsett for nok eit uhell då han mista bakhjulet og måtte nøye seg med 23. plass i heatet.

Samanlagt kom det norske laget åttandeplass som er beste plasseringa i lag-EM nokosinne. Nederland vann med Frankrike og England på dei neste plassane.