Øystein Bråten jubla for sigeren i Breckenridge sundag.
Øystein Bråten jubla for sigeren i Breckenridge sundag.

På pallen i Breckenridge

Øystein Bråten imponerte under vanskelege forhold i Dew Tour-finalen.

Sundag kveld norsk tid køyrde dei beste skikøyrarane i verda finale i Dew Tour.

Konkurransen gjekk i amerikanske Breckenridge, og Øystein Bråten var einaste norske på start.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spennande

Torpingen imponerte med å vinne kvalifiseringa torsdag, og var ein av favorittane før finalen. I det fyrste runnet vart han lønna med 81 poeng, og låg på tredjeplass før den andre omgangen.

Då han sette utfor i andrerunnet hadde han vorte sendt ned på fjerdeplass.

Solid

Som siste køyrar måtte han gi alt i håpet om å avansere tilbake på pallen. Og torpingen leverte.

Øystein Bråten (t.h.) splitta amerikanarane Gus Kenworthy og Nick Goepper på sigerspallen i Dew Tour.
Øystein Bråten (t.h.) splitta amerikanarane Gus Kenworthy og Nick Goepper på sigerspallen i Dew Tour.

Med 86 poeng sikra han andreplassen og splitta amerikanarane Gus Kenworthy og Nick Goepper.

- Han tek opp arven etter landsmannen Andreas Håtveit, konkluderte dei amerikanske kommentatorane etter pallplassen.