Lise Kvannefoss på Nesbyens damelag. (Arkivfoto)
Lise Kvannefoss på Nesbyens damelag. (Arkivfoto)

Nesbyen sleit seg til uavgjort

Det vart ein skikkeleg knokkelkamp for nesningane då damelaget møtte Åssiden på bortebane laurdag.

Nesbyen var ikkje til å kjenne igjen i fyrste omgang av kampen mot Åssiden laurdag. Det gjekk tregt i alle fasar av spelet og det såg ut som alle spelarane hadde handbrekket på. Åssiden fekk køyre sitt spel utan at dei møtte mykje motstand.

Nesbyen vart hengande etter, og låg heile fem mål bak til pause.

Artikkelen held fram under annonsen.

I andre omgang vakna jentene desto meir til. Leia av Maria Dokken og Lise Kvannefoss, som begynte å treffe på skot bak i banen, begynte Nesbyen sakte men sikkert å ete opp forspranget. Etter ei tid ute var Emma Olsen og Ida Pretorius tilbake igjen på handballbanen, der sist nemnde like godt sette fem mål frå sin venstre kantposisjon. Til slutt vart det uavgjort 26–26.

Nesbyen skal vere nøgd med det eine poenget ut frå korleis kampen utarta seg.