Startfeltet på NM på ski på Beitostølen. Hallingdal hadde tre lokale lag med på herrestafetten.

Herland avslutta solid på stafetten: Hemsedal beste hallinglag i NM-løpet

Med Kasper Herland som ankermann gjekk Hemsedals førstelag inn til ein 11. plass.

NM-helga på Beitostølen vart avrunda med stafett sundag.

Hallingdal hadde tre lokale lag på start; to frå Hemsedal samt Bromma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første etappe

På første etappe gjekk Sigurd Sollien Hulbak for Hemsedal 1, Vegard Myklemyr for Bromma og Morten Andreas Løchen for Hemsedal 2.

Det var Hemsedal 1 som veksla best av dei lokale. Hulbak sende Ola Jordheim ut som nummer 28, 2.18 bak leiaren.

Bromma veksla som nummer 36, med Bjørnar Stensrud Tyribakken som andremann ut i sporet. Hemsedal 2 enda førsteetappen som nummer 57. Der gjekk Vetle Ulrichsen Flaget ut omtrent fem minutt etter teten.

Andre etappe

Jordheim gjorde ein god etappe for Hemsedal 1. Han gjekk klubben opp mange plassar, og sørga for veksling på 19. plass. Differansen opp til leiaren var rett nok blitt større; 3.19.

Tyribakken sørga for at også Bromma klatra nokre plassar på andreetappen; frå 36. til 31. plass.

Det same gjorde Flaget og Hemsedal 2. Då han sende Sevat Mestvedthagen ut som ankermann, var det på ein 52. plass, litt over åtte minutt bak teten.

Siste etappe

Hemsedal 1 hadde Kasper Herland som ankermann. Herland hadde ein 20 kilometer i beina frå laurdag, då han gjekk inn til ein 36. plass på distansen.

Men Herland gjekk likevel ein solid etappe. Då han kryssa målstreken var Hemsedal oppe på ein 11. plass, 3.19 bak vinnar Åsen IL. Det er meir enn godkjent frå trioen Hulbak, Jordheim og Herland.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Bromma gjekk Kjetil André Bjerkreim siste etappe. Han plukka også løparar, og gjekk klubben opp til ein 25. plass. Bromma gjekk i mål 6.10 bak vinnaren.

Hemsedal 2 avslutta som nemnt med Mestvedthagen, og vart til slutt nummer 47.

NB: Kvinnene gjekk stafett tidlegare på dagen. Der stilte ingen lokale lag.