Rennleiar Torbjørn Broks Pettersen fortvilar etter NM-kaoset.

Mikkelsplass vart offer for NM-tabben: – Veldig sjokkerande å sjå at det framleis låg sperring der

Marte Mikkelsplass var blant dei som vart råka av NM-kaoset. 20 kilometeren for kvinner vart til slutt kansellert.

– Det er rett og slett ein arrangørtabbe. Det er veldig trist for løparane, seier Pål Gunnar Mikkelsplass til Hallingdølen.

Han er på plass på Beitostølen, der dottera Marte gjekk 20 kilometer skibytte laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midtvegs i løpet skjedde tabben som gjorde NM-løpet til ein rein fiasko: Arrangøren hadde gløymt å fjerne ei rekke med såkalla mønehattar, som markerer kor løparane skal gå.

Det gjorde at ei lang rekke løparar rett og slett gjekk feil, og enda med å gå 250-300 meter lengre enn dei som gjekk rett.

– Sjokkerande å sjå

Blant dei var Marte Mikkelsplass. Til Hallingdølen fortel ho korleis ho opplevde det:

– Det vart veldig kaotisk. Me hadde gått gjennom kor løypa skulle gå mange gonger, så eg var veldig klar på det. Det var derfor veldig sjokkerande å sjå at det framleis låg sperring der eg var budd på å krysse over, seier ho.

– Eg skjønte at arrangøren måtte ha rota det til, men valde å følgje sperringane. Eg gjekk feil, og lengre enn eg hadde trengt.

Marte Mikkelsplass, her i aksjon under U20-VM på ski for junior på Lygna for to år sidan.

Gjekk feil

Nokre av løparane, blant dei Heidi Weng, følgde husken og magekjensla. Dei kryssa mønehattane, noko som eigentleg kvalifiserer til disk. Men avgjerda deira viste seg å vere rett.

Veldig mange andre valde som Mikkelsplass å ikkje krysse, og i staden følgje markeringane. Omtrent halve startfeltet enda med å gå feil.

Kaoset vart fort aldeles komplett. Det vart vanskeleg å skilje mellom kven som hadde gått rett veg, og kven som hadde gått feil. Dermed vart det også trasig å følgje med på korleis teten såg ut - for kven av dei leiiande løparane hadde gått rett løype?

Artikkelen held fram under annonsen.

Inn til 29.plass

Ved litt over halvgått løp passerte Marte Mikkelsplass på ein 31. plass, omtrent fire minutt bak leiar Heidi Weng.

Weng kryssa målstreken først, men då var det alt klart: Etter kaoset med mykje feilgåing, måtte løpet rett og slett kansellerast.

Rennleiar Torbjørn Broks Pettersen tok til tårene då han vart intervjua på NRK etter hendinga.

– Eg som arrangør har gjort ein tabbe ved å sende løparane feil veg, sa han.

Mikkelsplass gjekk uansett i mål til ein 29. plass, 6.36,6 bak Weng. Men resultatlista speler ingen rolle: Etter kanselleringa blir den ikkje ståande.

Herland nummer 36

Herrane starta sin 20 kilometer skibytte ikkje lenge etter kvinnenes målgang. Kasper Herland frå Hemsedal enda på ein 36. plass, 4.08,5 bak vinnar Johannes Høsflot Klæbo. Bjørnar Stensrud Tyribakken vart nummer 88, 7.23,9 bak vinnaren.

Pål Golberg, som trøbla på NM-sprinten fredag, gjekk ikkje dagens 20 kilometer.

Sundag går NM-løparane stafett på Beitostølen.

Artikkelen held fram under annonsen.