Fotballnotisar.
Fotballnotisar.

Fotballresultat

Les fleire kampreferat her.

Gutar 16, 1. div.:

Nesbyen – Drammens Ballklubb: 3–2 (2–0)

Artikkelen held fram under annonsen.

Mål for Nesbyen: Andreas R. Finnerud, Vebjørn Brusletten, Birk S. Bjerkrheim.

Nesbyen tok kommandoen og scora tidleg ved Andreas Finnerud etter fint forarbeid av Birk Bjerkrheim. Heimelaget spelte ein god fyrste omgang, og etter ein halvtime auka Vebjørn Brusletten til 2–0. Gjestene kom best i gang etter pause og reduserte tidleg. Nesbyen svara straks og auka til 3–1 ved Bjerkrheim. Nesningane var best kampen sett under eitt og vann fortent etter solid laginnsats. Ei redusering i sluttminutta gjorde at spenninga var der til dommaren bles av.

Jenter 16, 2. div.:

Nesbyen/HFK – ROS: 8–2 (5–1)

Mål for Nesbyen/HFK: Cheyenne Gonzalez 7, Vilde F. Thorberg.

Gjestene frå Røyken stilte med berre 10 jenter, og derfor gjekk kampen som 7’er-kamp. Dette var uvant for begge laga, men det vart ein fartsfylt og tett kamp utan finspel. Nesbyen sjokkopna med to mål på to minutta ved Cheyenne Gonzalez. Ho scora sju mål og var saman med Vilde F. Thorberg best på heimelaget. ROS var ikkje noko dårleg lag, men forsvaret til Nesbyen spelte godt. Jentene var flinke til å kome opp i motstandaren og hindre avslutningar slik at det berre vart to nettkjenningar for bortelaget.

Gutar 14, 1. div.:

Mjøndalen 2 – Nesbyen: 0–5 (0–3)

Artikkelen held fram under annonsen.

Mål for Nesbyen: Jarand Stavn Ugulen 2, Eirik Tørrisplass, Thomas Lundberg, Mats Sandanbråten.

Nesbyen var klart best og kunne ha vunne meir. 1–0 kom på eit godt løp frå Tørrisplass og fint framspel av Jarand Ugulen som auka til 2–0 på ein lobb litt seinare. Han vart tomålsscorar då han var framme på ein retur.

Thomas Lundberg og Mats Sandanbråten scora i andre omgang og sikra gjestene ein fortent siger.

Gutar 14, 1. div.:

Nesbyen – Jevnaker: 1–5 (1–2)

Mål for Nesbyen: Mats Sandanbråten

Gjestene tok tidleg leiinga, men Nesbyen rista fort av seg kalddusjen og utlikna like etter. Magnus Jorde vart fint spelt opp på høgrekanten frå Eirik Tørrisplass, og innlegget sette Mats Sandanbråten i mål.

Kampen stod og vippa til Jevnaker scora på frispark ti minutt før pause. Nesbyen var nær utlikning tidleg i andre omgang. Jevnaker tok meir over utover i omgangen og var sterkare fysisk og hadde større løpskapasitet enn nesningane. Dei scora tre mål på dei siste ti minutta og vann fortent. Men 5–1 gir ikkje rett bilete av kampen.