Nesbyen slo Åssiden. (Illustrasjonsbilete)
Nesbyen slo Åssiden. (Illustrasjonsbilete)

Fotball

Jenter 16, 2. div.:

Åssiden 2 – Nesbyen/HFK: 0–4 (0–4)

Artikkelen held fram under annonsen.

Mål for Nesbyen/HFK: Cheyenne Gonzalez 3, Vilde F. Thorberg.

Nesbyen spelte god fotball i fyrste omgang, og særleg Cheyenne Gonzalez var ein trussel for Åssiden heile tida. Ho scora tre mål og skapte store sjansar ved å spele fri andre. Også resten av laget kjempa bra og fekk til mykje fint spel.

I andre omgang begynte det å tære på kreftene i varmen, og gjestane var ikkje like dominerande. Laget hadde fleire store sjansar, men fekk ikkje utteljing. Forsvaret, keeper inkludert, gjorde jobben sin godt gjennom heile kampen. Derfor vart det ikkje baklengsmål denne gongen.