Even og Anders Warlo Totland var begge i aksjon under Viken 1-stemnet i helga. (Arkivfoto)
Even og Anders Warlo Totland var begge i aksjon under Viken 1-stemnet i helga. (Arkivfoto)

Even vart vikenmeister

Even Warlo Totland var best av alle i den yngste rekruttklassen i helga.

Skyting: Over 230 skyttarar deltok då Flesberg arrangerte landsdelskretsstemne i helga.

Frå Hallingdal reiste ein stor tropp, med skyttarar i både ungdoms-, senior- og veteranklassane. I år vart det arrangert finaleskyting etter dei 25 innleiande skota. Frå skive 1 i finalen, takla Even Warlo Totland (Nes og Bromma) presset og vann rekruttklassen (11-13 år). Han fekk selskap på sigerspallen av Martin Bogar Sørlie (Hovet og Hol) og Mikkel Brusletto (Geilo) på dei neste plassane. I årsklassen over hadde Vegard Auve (Geilo) 248 poeng etter innleiande skyting. Med 99 poeng på finaleomgangen vart han nummer tre, med 347 poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

I seniorklassane var jondalskyttar Kim Andre Aanestad Lund suveren. Med 250 poeng føre finalen sette han alle skota i tiaren, og enda på 350 poeng. Han var tre poeng føre systera, Katrine Aanestad Lund. Beste halling i seniorklassane var Bjørn Lieng (Skurdalen og Dagali) med 241 poeng. Under samlagsskytinga for 3–5 vart Hallingdal 1 (Kjell Oddbjørn Stensæter, Gol, Bjørn Lieng, Skurdalen og Dagali, Reidar Martin Bogar Sørlie, Hovet og Hol) nummer fire med 289 poeng. Vestfold 1 vann med 295 poeng.