Selma Øen Li og Valeria Trujillo tok sølv i kvar sin klasse.
Selma Øen Li og Valeria Trujillo tok sølv i kvar sin klasse.

EM-start over all forventing

Torsdag vart ein opptur av dei sjeldne for 15 år gamle Selma Øen Li.

Taekwondo: Ålingsjenta er i Tampere i Finland i samband med europameisterskapen i Taekwondo denne veka.

Torsdag opna ho med å ta ei sterk sølvmedalje i mønster.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var langt over alt eg hadde trudd på førehand. Heilt uverkeleg, eigentleg, sa ho etter konkurransen.

Mykje tid

15-åringen frå Ål har brukt mykje tid på trening det siste året. To dagar i veka trenar ho på Ål, i helgene reiser ho til Lier der klubbvenninna Valerie Ayala Trujilo bur. Saman trenar dei i kjellaren til Valerie, med far hennar, Erwin Ayala som trenar. Den fyrste EM-konkurransen var tøff.

– Det var jamt både i kampen før semifinalen, i semifinalen og i finalen. Eg har gått mot jenter frå Tyskland, Russland og Norge i dag. I finalen møtte eg ei finsk jente, fortel Li.

Før meisterskapen var ho nervøs og spent.

– Eg hadde ingen forventingar om kor langt eg ville nå. Eg skulle berre gjere så godt eg kunne, og sjå kva det heldt til. No er eg glad og stolt, seier ho.

Ål Taekwan-do-klubb har to deltakarar i meisterskapen, og Valerie Ayala Trujilo var ikkje dårlegare enn Selma. I sin fyrste konkurranse tok også ho sølv. Dei siste åra har ho budd i Lier, og kvar helg er Selma nedover og trenar med

Meistrar

Torsdag ettermiddag var dei to treningsvenninnene på det norske laget som stilte i lagmønster.

Der gjekk dei to rundar, med både eiget innøvd mønster og eit på instruks frå dommarane. Innsatsen til den norske kvintetten var imponerande då dei møtte Irland i finalen, og sikra EM-gullet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag var det sparring på programmet, og Li var spent på førehand.

– Eg skal berre gjere mitt beste og sjå kva det heldt til, seier ho. Der rauk ho ut i innleiande rundar. Valerie gjekk til semifinalen, men der tapte ho for russiske Arina Vasina, som var i finalen.