Pål Golberg tok sigeren i sprintfinalen i laurdagens verdscuprenn i langrenn i Ruka, Finland.
Pål Golberg tok sigeren i sprintfinalen i laurdagens verdscuprenn i langrenn i Ruka, Finland.

Drøymer om VM-billett

Då han trong sigeren som mest, slo Pål Golberg tilbake frå reservelista. No drøymer han om VM og Tour de Ski.

Langrenn: Dramaturgien i laurdagens sprintfinale kunne vore teken ut or ein filmklassikar.

Underdogen som ingen hadde tru på, slo tilbake og vann mot alle odds. Pål Golberg utfordra verdseliten, landslagskompisane og det nye stortalentet alle hadde prata om. Rett nok har han ikkje vore avskriven, sjølv om han ikkje fekk vere med landslaget i sesongførebuingane. Men han var ikkje fyrstevalet, korkje på landslaget eller i troppen til Ruka i helga. Laurdag vart det mykje kjensler då han knuste konkurrentane på oppløpet i Kuusamo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er veldig glad og fornøgd med helga. Løypa passa meg bra og eg hadde marginane på mi side, seier han.

Tilbakemeldingane har vore mange etter sprintsigeren. Sjølv prøver han å sjå framover og ikkje kvile på laurbæra etter ein god sesongstart.

– Dei siste dagane har vore litt hektiske. Men eg prøver å halde fokus framover, og ikkje vere for tilfreds med helga. Det er lett å miste fokus når det går bra. Det er ein lang sesong, og mange skirenn att, seier Golberg.

Pål Golberg har snudd motgangen frå fjoråret til medgang i sesongstarten. (Arkivfoto)
Pål Golberg har snudd motgangen frå fjoråret til medgang i sesongstarten. (Arkivfoto)

Heimebane

No ventar verdscuphelga han hadde sett som eit mål tidleg i treningsarbeidet. Mini-touren på Lillehammer startar med sprint fredag.

– Eg gler meg til å gå der. Det blir bra å få testa distanseforma òg. Sjølv om eg er sikker på at eg hadde hevda meg i toppen om eg hadde løpet på sundag òg.

Etter sprinten ventar 10 km fristil før minitouren blir avslutta med 15 klassisk jaktstart sundag.

– Eg skal gjere mitt for å ha eit godt utgangspunkt før klassiskrennet sundag. Utover det kan alt skje.

– Kva gjer den gode sesongstarten med sjølvtilliten?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er klart det er viktig. Ein jobbar for å finne den gode flyten, og når ein er i den vil ein vere der lengst mogleg.

Drøymer om touren

Tidleg sette han seg mål om å gå VM i Lahti. Skal han dit må han halde fram med å prestere.

– Eg har mål om å gå Tour de Ski, det må eg for å kome med til VM. Eg tek eitt og eitt renn, og må berre vise at eg er i god form.

– Korleis ligg du an?

– Eg må berre gå gode skirenn framover, så får me sjå. Ingenting er avgjort.

Skeptisk til uttaket

Golberg førebudde seg til norgescupopning på Gålå då han fekk telefon med verdscuptilbud før helga.

– Eg vart overraska, men eg sa sjølvsagt ikkje nei, takk. Verdscup var, og er, målet.

Han meiner likevel landslagsleinga bør revurdere prinsippa om å prioritere landslagsløparar i verdscupane før jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er dumt å seie at det ikkje er plassar, når det plutseleg er det. Eg meiner landslagsleiinga burde hatt nokre plassar til dei som var best i fjor, og nokre plassar som var opne til dei som var i form. Ikkje slik som no, der dei sa at landslaget vart prioritert, men gjorde noko anna når dei henta inn oss som reservar. Det blir lettare for dei å ta ut og lettare for løparane å veta kva ein skal ta omsyn til, meiner Golberg.

Også tidlegare lagkameratar har gratulert han med sesongstarten.

– Eg trur ikkje nokon av dei vart overraska, reaksjonane har vore positive, seier han.

Til verdscuprenna på Lillehammer er den norske kvoten større enn elles, med den nasjonale kvoten er det 30 løparar totalt. Blant dei er det løparar både på og utanfor landslag.