Hans Peter Olsen, Gjermund Hol, Eva Lillebakken, Tore Bøygard, Heidi Skaug, Erlend Slokvik og Roar Wærnes. Halvor Flatland og Heidi Hjemli ikkje til stades på biletet.
Hans Peter Olsen, Gjermund Hol, Eva Lillebakken, Tore Bøygard, Heidi Skaug, Erlend Slokvik og Roar Wærnes. Halvor Flatland og Heidi Hjemli ikkje til stades på biletet.

Attvald som president

Ålingen Tore Bøygard (61) er klar for to nye år som president i Norges Skiskytterforbund.

Skiskyting: Under skiskyttartinget på Stiklestad i helga vart Tore Bøygard attvald som president.

Femte periode

Bøygard hadde ingen motkandidat og er klar for sin femte periode og to nye år som skiskyttarpresident. Dermed blir ålingen president til etter VM i Holmenkollen i 2016 og set «norsk rekord». Ingen har hatt så lang fartstid i presidentvervet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg måtte gå ein runde med meg sjølv før eg sa ja til attval. Eg fekk mange oppmodingar om å fortsetja for å halde kontinuiteten ettersom fleire veteranar gjekk ut, seier Tore Bøygard.

VM på heimebane om to år er ei «gulrot» som lokka ekstra til å fortsetja.

– Eg brenn framleis for sporten og synest det er moro. Eg gler meg til å ta fatt på to nye år og spesielt til VM i Oslo, seier presidenten som har sete i styret sidan han vart innvalt på tinget i 2000.

Tore Bøygard er klar for to nye år som skiskyttarpresident. (Arkivfoto)
Tore Bøygard er klar for to nye år som skiskyttarpresident. (Arkivfoto)

Fireårsplan og «misjonsreise»

Den attvalde presidenten opplyser at skiskyttartinget på Stiklestad ikkje vart så dramatisk som slaget som stod der for nesten 1000 år sidan. Korkje skiskyttarkongar eller presidenten fall.

Skiskyttartinget vedtok ein langtidsplan for dei neste fire åra. Tinget vedtok blant anna å løyve 1,5 millionar kroner til rekruttering og regionale kraftsenter for utøvarar frå 17–25 år slik at dei får betre tilgang til kompetanse og gode treningsmiljø.

– Langtidsplanen er ambisiøs. Den omfattar både topp, breidde og rekruttering. Fram til VM skal me rundt på ei «misjonsreise» og gjera skiskyttarsporten synleg, seier skiskyttarpresident Tore Bøygard.