Øystein Bråten, Malin Strandskogen, Ingebjørg Sørbøen, Kjersti Dalseide, Maria Tviberg, Vetle Sjåastad Christiansen, Pål Golberg og Henrik Fagerli Rukke. Fremst f.v.: Gjermund Bråten, Stian Skogheim Kleivdal, Tiril Sjåastad Christiansen, Kjersti Dalseide og Daniel Paulsen. (Mats Tollefsen Bjerknes var ikkje til stades)

Ambassadørar på ski

3. juledag spente hallingambassadørane på seg skia i Hemsedal skisenter. Målet var å auke kjennskap både med kvarandre og med turistar i bakken.

– Ekta halling? ropar Gjermund Bråten.

– Jaaaa! rungar det frå resten av gjengen.

Artikkelen held fram under annonsen.

12 av dei 13 utvalde hallingane står samla øvst i barneområdet i skisenteret. For eitt år sidan vart profilerte ungdommar frå Hallingdal utnemnd til hallingambassadørar av regionrådet.

No er dei samla for andre gong. I gule vestar var det godt synlege ambassadørar som baud på både skitriks, musikk, solbærtoddy og autografar.

Hallingdal 2020

Ambassadørane er ein del av ein framtidsplan for Hallingdal – Hallingdal 2020. Som gode førebileter skal ungdomsambassadørane gje Hallingdal positiv merksemd.

Det er jammen kjekt å møte kjendisar i skibakken. Sofie Teige, Andrine Viken, Anniken Viken, Julie Berg Tønæs og Caroline Aaby Eiklid er stor fan av Malin Strandberg. Skikøyring vart brått erstatta med skravling og bildetaking.

Ulrikke Ytteborg er stolt prosjektleiar for Hallingdal 2020. I bakgrunn er ambassadørane Daniel Paulsen, Ingebjørg Sørbøen og Kjersti Dalseide.
Ulrikke Ytteborg er stolt prosjektleiar for Hallingdal 2020. I bakgrunn er ambassadørane Daniel Paulsen, Ingebjørg Sørbøen og Kjersti Dalseide.
Sjølv ein ambassadør må ta seg ein pause. Då er det godt å varme seg rundt bålet og drikke solbærtoddy. F.V. Daniel Paulsen, Ingebjør Sørbøen, Kjersti Dalseide, Stian Skogheim Kleivdal, Øystein Bråten og Gjermund Bråten.

– Det er stor stas å få samla gjengen, fortel prosjektleiar for Hallingdal 2020 Ulrikke Ytteborg.

- Dei er travle folk, men jammen fekk me det til. Det er dei sjølv som har lyst til å samle alle, legg ho til. Det er tydeleg at ambassadørane trivst godt i lag.

Kaldt, nei!

Omgitt av ein eim av bålrøyk og solbærtoddy prøver dei å halde varmen. For det er kaldt i Hemsedal denne dagen, heile 18 minusgrader. Men dette hindrar ikkje dei profilerte ungdommane i å ta på skiskoa.

Trass i dei mange blå, var det ein smørblid gjeng som synte seg fram i barneområdet i Hemsedal skisenter.

– Dei er skikkeleg sporty, skryter Ytteborg. Alle tok dei utfordringa og stilte opp i kulda med tjukke kler og skiutstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

For det er vel ikkje til å skuve under ein stol–nokon har måtte turke meir støv av skiskoa enn andre. Men trass i ujamne skiferdigheiter tok ambassadørane oppgåva på strak arm.

Talentfulle på kvar sine område

Hallingambassadørane er kjend frå vidt forskjellige greiner innanfor kultur og idrett. Men ein samansett gjeng har sine fordelar. Særleg når arbeidsoppgåver skal fordelast.

Musikarane og skodespelarane i gruppa er ikkje vanskeleg å be når rolla som speaker og DJ skal fyllast. Med ålingane Kjersti Dalseide og Ingebjørg Sørbøen bak spakane tek det ikkje lang tid før velkjende Hellbillies-tonar strøymer ut frå høgtalarane. Nokre meter undå testar ski- og brettkøyrarane i gruppa både snø og hopp. Dei glimtar til med nokre triks, til skituristane si store glede.

Skadefritt

Men å vere i alpinbakken ber med seg ein viss risiko.

– Eg er redd for å knekke fingrane mine, seier felespelar Ingebjør Sørbøen og spenner av seg skia. Daniel Paulsen er trommeslagar og stiller seg bak argumentet. Pål Golberg har derimot ei anna innstilling:

– Om eg vert sjuk eller skada no så er det vel meininga.

Det er altså ingen grunn til å halde tilbake på noko, meiner Golberg og hiv seg utfor bakken i lag med alpin- og brettkøyrarane.

Låtpremiere

Malin Strandskogen er omgitt av ein gruppe fans. Det er stor stas å møte the Voice-songaren andlet til andlet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me visste at ho var frå Hemsedal og vart veldig glad når me kunne møte ho her i bakken, fortel Julie Berg Tønes. Saman med fire venninner dreg ho fram mobilkamera for å dokumentere stjernemøtet.

– Har ho lært dykk nokon skitriks då?

– Nei, svarar dei fem Oslo-jentene. Men ho har servert oss toddy!

Timane i skibakken vart avslutta med ei rykande fersk låt signert Malin Strandskogen. Så bar det inn i varmen for hallingambassadørane – endeleg.