Medlemmer av Bromma IL og Hallingdal skikrets hadde danna skiespalier utanfor Haglebu fjellkyrkje då brudeparet kom ut.
Medlemmer av Bromma IL og Hallingdal skikrets hadde danna skiespalier utanfor Haglebu fjellkyrkje då brudeparet kom ut.

Bryllaup og folkefest

Haglebu:11. juni 1994

BRYLLAUP OG FOLKEFEST: «Dei flagga i Bromma laurdag, sølvguten Pål Gunnar Mikkesplass, gullguten til heile bygda, skulle gå inn i ektestanden med Marit Wold. Også ho olympisk sølvvinnar. Kan me snakkar om sølvbryllaup?

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var reine valfarten til Haglebu fjellkyrkje, som ikkje har sett maken til folkemengde sidan kronprinsparet var på besøk hausten 1990. Sambygdingar, turistar og hyttefolk hadde møtt fram for å sjå. Og heile skieliten var invitert til gjestebod, med Vegard Ulvang, Bjørn Dæhlie, Anita Moen og Trude Dybendahl i spissen». (Hallingdølen 14. juni 1994)

Eit passe stort pressekorps var der også, med Hallingdølen, Fremtiden, VG og Se & Hør.

Steinar Tormodsgard hadde som vanleg walkietalkie i handa og ansvaret for å støtteapparatet. Dagens viktigaste oppgåve var å sekundere brura fram til kyrkja i rett tid.

Trude Dybendahl, Marit Wold, Pål Gunnar og Eilef Kristen Mikkelsplass,
Trude Dybendahl, Marit Wold, Pål Gunnar og Eilef Kristen Mikkelsplass,
Og til slutt var det hesteskyss for brudepar med forlovarar.
Og til slutt var det hesteskyss for brudepar med forlovarar.

«Og formen? Den var nok bra, den. Dei spøkte og lo, både gutar og jenter, og såg flotte og staselege ut i finkleda. Det blinka i kvite smil, blonde lokkar og bunadssølv».

«Og etterpå? Korleis gjekk det, var det uunngåelege spørsmålet.

– Bra, sa Pål Gunnar.

– Litt meir kjensler enn eg hadde trudd, sa Marit, no fru Mikkelsplass, og forsikra om at ho ikkje hadde lyst til å gjere det ein gong til.

Og det var vel eit svar som brudgommen fann betryggande ...» (Hallingdølen 14. juni 1994)