Røynda

 

Christian, Erling og Ivanilda Tufto vart drepne på Geilo i 2002. Men kven var dei eigentleg? Og kvifor vart dei rekna som familie av så mange i den vesle bygda? Historia om den livlige familien som flytta frå Brasil til Geilo er der det heile startar.

Etter ein krangel på sin eigen bursdagsfest kastar Roger Kjetså venene sine på dør. Ikkje lenge etterpå startar skytedramaet som skal ende med fire tapte menneskeliv. Personar som var til stades fortel om den mørkaste kvelden på Geilo.

Geilo vaknar til nyheita om at tre lokale menneske er drepne i ei skytetragedie. Vener finn saman, media bankar på dører og politier må handtere kritikk. Og korleis taklar Roger Kjetså sine næraste å få beskjeden om kva han har gjort?

Lars Henrik Haugerud kjempar ein tøff kamp for å ta kvardagen tilbake etter å ha overlevd seks AG3-skot i kroppen. Nadia Houmid møter kvardagen att, og politibetjent Petter Braaten tek grep for å samle ei splitta bygd.

Kven var eigentleg Roger Kjetså? Vener og familie reflekterer over livet han levde fram til tragedien. Jacqueline Tufto har kjempa seg gjennom tøffe år, og fortel om korleis ho vil huske mora, faren og veslebror som vart ofre for skota til ein nær familieven.

Her kan du høyre ein smakebit av Hallingdølens podkast-serie om trippeldrapet på Geilo i 2002.