Hallingdølens nye historieforteljande podkast har fått namnet "Røynda". Det betyr verkelegheit, eller sanning.

Til deg som les Hallingdølen: No kan du også få oss på øyret!

Dagen i dag er faktisk historisk for Hallingdølen. Frå i dag kan du for første gong laste ned og høyre oss via lyd. Me har nemleg laga podkast.

Den har fått namnet Røynda, eit solid nynorskord som betyr verkelegheit eller sanning. Me synest det passar bra. Røynda skal vere ein historieforteljande podkast om saker og hendingar som har farga eller prega Hallingdal. Nokre historier vil vere artige, lystige og lettbeinte. Andre mørkare og meir dramatisk, slik som vår aller første podkast-serie, som kjem neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den handlar om trippeldrapet som skjedde på Geilo i 2002. Lyttarane vil få høyre kva som hende den skjebnesvangre natta då fire menneske mista livet. Men me har også via mykje plass til å fortelje kven ofra og drapsmannen var. Korleis det prega bygda i etterkant og kva som skjedde med dei involverte og etterlatne. I dag får du høyre den første smakebiten på «Trippeldrapet på Geilo», om du går inn på nettsida vår eller søker på Røynda der du høyrer podkast.

For dei aller fleste av oss er ikkje lyd noko nytt format. Me har i «all tid» vore van med å lytte til radio. I 2014 kom podkast for alvor på banen, og fekk sitt store gjennombrot. Sidan då har denne måten å lytte på berre auka frå år til år.

Nordmenn har famna om formatet. «Den store podrapporten» frå 2022 viser at 91 prosent av befolkninga har kjennskap til podkast, 65 prosent høyrer eller har høyrt på det. Rapporten viser også at dei fleste som begynner å lytte til ein podkast av noko slag, som regel fullfører heile episoden. Det viser ein høg grad av lojalitet.

Det er enkelt å høyre på podkast. Det stel ikkje mykje av tida di. Du kan lytte mens du køyrer bil, gjer husarbeid, snikrar, går tur med hunden eller sit på toget. Det krev lite av deg. For oss i media er podkast eit utruleg spennande format - kvar einaste dag kjempar me ein kamp for å få di merksemd. Å nå deg via lyd er ein ny kanal for oss, der me kan få vist fram journalistikken vår.

Det skal me gjere på ulike måtar i tida framover. Me har til dømes nettopp gått inn i eit valår. Fram mot valet kjem me til å ta i bruk podkast også for å løfte fram debattar og ulike viktige tema. Dette er noko me håpar du vil ta inn på øyret når dei første episodane våre blir publisert.

Me håpar du finn glede i Røynda. Gi oss gjerne ei tilbakemelding på det du har høyrt!