Eli Berge.
Eli Berge.

På eigen kjøl

Som 12-åring låg ho med øyreklokker og lytta til klassisk musikk, i eit hus midt i ein maisåker i USA. Kanskje det var der det starta?

li Berge kunne knapt nokre engelske gloser då ho flytta med familien til USA. Mora kunne enda mindre. Faren skulle vere gjesteforelesar der borte. 12-åringen vart sendt på skulen i lag med nokre naboungar allereie dag nummer to. Det var berre å hive seg i det. Seinare har ho knapt vore redd forandringar, heller ikkje redd for å bevege seg utanfor komfortsona. Uansett så skrittar ho leikande lett over.

– Eg forventar meg ofte ikkje så mykje. Då blir ein heller positivt overraska, ler ho og skjenker kaffi.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den fine hallingstova i Lykkja tronar eit matbord som stammar frå Arne Næss senior. Måleriet av økofilosofen heng i stova som ein sjuande far i huset. Hengekøya heng mellom slindene i taket. Endeleg har ho sin eigen stad her oppe, like ved langrennsløypene ho er vorten så glad i etter å ha vore gjest på Fossheim hotell på Ulsåk dei siste ti åra. Jobb har ho og fått i fjellbygda.

I vår lånte Berge ei hytte ikkje så langt unna her. Rett ved skiløypene. Då ho låg på knea ved vedomnen og skulle fyre opp med Hallingdølen, fann ho ut at ho måtte lese avisa først. Frå A til Å. Blikket fanga ein stilling-ledig annonse for ny leiar av Hemsedal kulturskule.

Det er slik ho er. Fryktlaus for forandringar. Så har ho også mellom anna mellomfag i sosialantropologi og tykkjer livet er eit einaste langt feltarbeid.

Då familien køyrde over Hemsedalsfjellet på veg til besteforeldra i Sogn, stoppa dei alltid ved elva litt nord for Robru og åt vaflar med jordbærsyltetøy. Let blikket gli over fjella og vatnet.

– Så eg har hatt eit forhold til landskapet her oppe lenge, smiler ho som vart født i Stokkmarknes, døypt i Høyanger, fekk fyrste dialekten sin i Trondheim og voks opp på Ås i Akershus.

Berge stod brur fyrste gong med brurekrone frå farsgarden. Det skjedde på ekte sognavis under bratte fjell og biletkunstverda på gjestelista. Biletkunstnaren Yngve Næsheim er far til sonen hennar. Høggravid stilte ho på fotoworkshop hjå Morten Krogvold i Vågå. Kunsthistoria tok ho i ammetåka ikkje lenge etter.

For å livnære den vesle familien utvikla ho fotohobbyen og vart fotolærling på det som den gong heitte Etnografisk Museum.

Men ho droppa det gamaldagse fagbrevet. No handla det om digitalfoto, og Berge såg ikkje noko poeng i å ta fagbrev i retusjering av svart/kvitt-foto.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho satsa profesjonelt, lagde seg ein portfolio og skape slik sin eigen jobb. Ho overlevde med kameraet sitt. Ut av komfortsona igjen. Mellom anna var ho i fleire år biletredaktør for skulebøker i forlaga Cappelen og Vigmostad & Bjørke.

– Men det er klart det kostar. Ein må ha styrke og eventyrlyst. Eg har jo tenkt nokre gonger at det kan gå dukken økonomisk, fortel ho. Men ho tør. Det er det som er viktig.

– Eg følgjer min eigen veg.

Ho let blikket gli over Tisleifjorden langt der nede. Tykkjer eigentleg det er rart å snakke om historia si.

– Eg har jo berre levd den, seier ho med ettertanke.

Frå kunstmiljøet tok ho etter kvart spranget over i samtidsmusikk. Ho gifta seg med komponisten Rolf Wallin. Ho skulle portrettere han, men måtte sende purring på betalinga. Det enda i mange års samliv, ler ho.

Møtet med klassisk musikk midt der ute i maisåkeren i USA som 12-åring, gav eit viktig møte med kunsten. Ho vart open og nysgjerrig. På kunst. På møte med menneske.

– Me kjem frå forskjellige ståstader alle saman – det er det som er kultur. Ingen er betre enn nokon andre. Me er berre annleis, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Antropologi handlar med kultur i forskjellige geografiske område. Ho har vore innom idehistorie også, som har med tenking til ulike tider å gjere.

– Me har ulike mentalitetar til forskjellige tider – også på same staden, seier ho.

Berge hugsar ho kikka over eit hagegjerde på Ås som sjuåring og oppdaga nokre merkelege skapningar. Det ho såg inn i, var skulpturhagen til den kjende kunstnaren Odd Tandberg.

– Det var mitt første møte med kunst. Eg hadde aldri sett noko liknande. Alle treng å bli utfordra med andre tankar og perspektiv. Det held oss i live intellektuelt. Hjernen vår er plastisk. Den treng modellering heile livet.

Som gründer etablerte Berge biletbyrået fotofil.no, Med den vann ho ein nyskapingskonkurranse i Forskingsparken i 2003. Ho var i ferd med å etablert galleri på Majorstua, då ein ny skilsmisse sette ein stoppar på satsinga. Det vart nok ein snuoperasjon i livet. Det er godt ho meiner at 52 er det nye 42. Og slik ser ho ut og. Ungdommeleg, flott og med ein frisk iver som er smittsam.

Fotogalleri vart bytta ut med jobb for godseigar Løvenskiold der ho administrerte jakt og køyrelisens i skogane og gjekk til jobben på ski gjennom ein del av Nordmarka.

– Eg skøyta over Østernvatnet i soloppgang, smiler ho. Utsikten frå kontoret var storslått og ein av grunnane til at ho søkte jobben. Ho er ærleg på det. Kunstnaren i henne krev sitt.

– Og så var eg oppsynsmann og hadde robåt og garnrett i Nordre Hegglivatn i samband med jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette var før ho tok eit årsstudium i idrett og friluftsliv i Sogndal. Ho ville så gjerne bu eit heilt år i Sogn. Det var 115 førsteårs studentar mellom 19 og 24 år – og Eli Berge på 48.

– No har eg draumejobben som leiar i kulturskulen i Hemsedal, seier ho medan snøen drysser tunet hennar kvitt.

I garasjen er kajakken pakka bort. Men skia står og ventar. Ho har gått Birken, men påpeiker at ho då går tur, så fort ho kan. Ho konkurrerer ikkje.

Men konkurrere internasjonalt i snipe (segling) har ho gjort. Utanfor ligg ein gamal robåt med mast. Snart i eitt med naturen.

– Eg er gast om bord når me seglar snipe. Det er som ein dans om bord i båten, der eg balanserer jolla med rormann. Det krev samspel, samarbeid og god kommunikasjon, seier ho. Det tek ho med seg på andre område i livet også. Då går alt så mykje enklare.

52 år frå bur i Hemsedal/Oslo. Ein vaksen son.

Leiar i Hemsedal kulturskule. Fotograf og biletredaktør.

Sist lesne bok?

Eg driv og les Morten Strøksnes «Havboka». Han er Bragepris-vinnar. Den førre boka var «De urolige» av Linn Ullmann.

Favorittprogram?

Det må bli Skavlan. Gjerne på nett til frukost. Å få høyre gode samtalar og bli presentert for folk eg ikkje ante fanst. Elles ser eg gjerne dokumentarar.

Favorittmusikk?

Eg har litt dilla på Thomas Dybdahl. Han gjer meg roleg. Klassisk er og ein favoritt. Al Green, Hot Chockolates. Det avheng kva slags humør eg er i.

Favorittmat?

Kjøt eller fisk med omnsbakte grønsaker, god saus. Er det kjøt, vil eg gjerne ha tyttebærsyltetøy til.

Perle i Hallingdal?

Turen opp til over Hydnefossen i Hemsedal. Og løypenettet ut frå Gravset. Det er fantastisk å gå Storevatn rundt.