Diskusjon om ungdom og rus med 10. klasseelevar i Hemsedal, foreldre og SLT-koordinator Ole Reidar Lågrinn.

Klar tale til ungdomsskulen: – Det finst ingenting hyggeleg med det eg skal prate om i dag

Elevar og foreldre på 10. trinn i Hemsedal fekk ein usminka leksjon i kva ungdommen vil møte av utfordringar med rus, festing og samtykke.

Tysdag inviterte Hemsedal barne- og ungdomsskule til ein diskusjon om ungdom og rus med SLT-koordinator i Hallingdal, Ole Reidar Lågrinn. Det var elevar og foreldre ved 10. trinn som stod på gjestelista. Lågrinn la ingenting mellom då han skulle fortelje kva ungdommen kan hamne ut for i åra som kjem:

– Det finst ingenting hyggeleg med det eg skal prate om i dag. Men de må følgje med, for mykje av det eg skal seie har stor betydning for framtida dykkar, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Farleg i trafikken

SLT står for Samordning av lokalførebyggande tiltak mot kriminalitet. Ole Reidar Lågrinn var innom fleire tema, som til dømes samtykkelov og farlege situasjonar i trafikken. Han retta peikefingeren mot foreldre som let barna trimme køyretøya sine, og hadde ein ekstra bodskap til dei med tenåringsjenter i hus:

Les også
– Me veit at kommunane er opptekne av narkotika. Ver trygg på at politiet støttar uroa

– Ikkje lever det gjævaste du har ut døra til ein nisse som nettopp har fått lappen, og som ikkje vil eller evnar å respektere reglar for fart. Og jenter - ring heller for å bli henta når ting blir ubehageleg. Det er betre å vere «ho teite» enn «ho som ikkje lever lenger».

Elevane ved 10. trinn i Hemsedal fekk eit usensurert foredrag om rus, sex og kriminalitet.

Presset vil auke

Hovudtemaet var likevel rus, som har stått høgt på agendaen den siste tida. Lågrinn bad 10.-klassingane tenkje seg nøye om, og bestemme seg på førehand for kva ein vil bli med på og ikkje.

– Akkurat no er de kongen på haugen her på skulen, men neste år er de yngst. Nokre av dykk vil kanskje gjere ein del dumme ting for å få innpass, sa han. Lågrinn åtvara mot dei helsemessige konsekvensane av rus. At cannabis i dag er langt meir syntetisk og konsentrert enn før i tida, og at kokain er eit sterkt avhengigheitsskapande rusmiddel.

– Tenk dykk om, ver så snill, gjentok han fleire gonger.

Les også
Rusdebatten: – Det trengst ein landsby for å oppdra eit barn
Fenja Money og Tord Albrigtsen i elevrådet syntest foredraget var nyttig.

– Meir å tenkje over

Fenja Money og Tord Albrigtsen sit i elevrådet for 10. trinn i Hemsedal. Dei syntest seansen var informativ og sette pris på at også foreldra var til stades.

– Eg trur det er veldig bra at me har ei slik økt i lag med klassen vår, seier Albrigtsen.

– Kor nært kjennest det som blir tatt opp her i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– For meg personleg er det enno litt fjernt. Men det gir oss meir å tenkje over, og kva press me kan bli utsett for når me startar på vidaregåande. Som til dømes popularitet, det å vere russemaskot eller bli med på rulling, svarar Fenja Money.

Dei er ikkje usamde i at haldningane til narkotika har blitt slappare.

– Eg trur mange tenkjer at jo lettare det er å få tak i, jo tryggare er det, seier Albrigtsen.

Sosiallærar Marianne Ødegaard understreka til Hallingdølen at dei tek temaet på alvor i Hemsedal:

– Me bur i ei bygd med mange turistar innom, der det går i 200 km/t på vinteren og 20 på sommaren. Det er viktig for ungdommen vår å vere bevisst på desse tinga.