Langedrag er nominert som årets lærebedrift i Buskerud.
Langedrag er nominert som årets lærebedrift i Buskerud.

Nominert til å bli årets lærlingbedrift

Tysdag 10. januar vil det bli avgjort kven som blir «årets lærebedrift» i Buskerud.

Blant dei nominerte er Langedrag EKT på Tunhovd, foreslått av utdanningsavdelinga. Dei er i konkurranse med Krøderen elektro (foreslått av ELFOB opplæringskontor i Buskerud), Tronrud Bygg frå Hønefoss (foreslått av utdanningsavdelinga) og H-Vinduet Fjerdingstad frå Hokksund (foreslått av Byggenæringens Landsforening).

Artikkelen held fram under annonsen.

På Langedrag har ein dei siste tre åra tatt i mot 3–5 lærlingar i året. Det er hovudutval for utdanningssektoren som skal avgjere kven som vinn. Sjølve utdelinga vil skje i februar i samband med utdeling av andre prisutdelingar frå Buskerud fylkeskommune. 2015 var det første året prisen «Årets lærebedrift» vart delt ut.