Nei til sentraliseringsreform

Hemsedal kommunestyre handsama i møtet 5. mars korleis Hemsedal kommune skal stilla seg til den pågåande kommunereforma. Hemsedal Senterparti gjekk som einaste parti inn for at Hemsedal kommune skal bestå som eigen kommune. Dei andre partia gjekk inn for Hemsedal Høgre sitt framlegg om å seta i gang ei vidare utgreiing av framtidig kommunestruktur.

Bakgrunnen for Høgre sitt framlegg er kommunereforma, sett i verk av kommunalminister Jan Tore Sanner. Denne kommunereforma byggjer på den sokalla Vabo-rapporten, og har til hensikt å redusera talet på kommunar i Noreg til ca. 100.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaborapporten framstår som eit reint bestillingsverk. Den er full i påstandar, men påfallande mangelfull i argumentasjon og drøftingar. Den seier mykje om kva ekspertutvalet meiner blir betre ved kommunesamanslåing, men seier svært lite om kvifor og korleis. Det er nemleg ingen dokumentasjon på at større kommunar er meir effektive, meir robust og mindre byråkratiske. Tvert om, erfaringar syner det motsette. Ser ein på Kostra-tal, syner dei at Hemsedal og mange andre små kommunar greier seg vel så bra som større kommunar.

Det er fleire grunnar til Senterpartiets standpunkt i denne saka. Men av dei viktigaste argumenta er at kommunereforma slett ikkje er nokon demokratireform, men tvert om ei sentraliseringsreform. For Hemsedal sitt tilfelle vil kommunesamanslåing bety at me mistar råderetten i eiga bygd. Me vil ikkje lenger sjølv ha råderetten over viktige institusjonar som skule og bygdaheim, og risikerer på sikt at desse vert flytta til andre kommunar. Samstundes vil me ikkje lenger ha den moglegheitene me i dag har til å påverke sentrale prosessar.

Hemsedal Senterparti er gjerne med å diskutera interkommunalt samarbeid, på område der det kan vera nyttig. Men kommunesamanslåing er noko anna. Så lenge me veit mykje om kva Hemsedal kommune vil tapa på kommunesamanslåing, men svært lite om kva me har å tena, så meiner Hemsedal Senterparti det er heilt unødig å gjera tidkrevjande og kostbare utgreiingar av ny kommunestruktur. Dessverre fekk me ikkje kommunestyret med oss i det synet, men me vil framleis arbeida hardt for at Hemsedal skal bestå som eigen kommune.