Muslimar og innvandring

Det er berre trist å lesa Ludvig Munkejord sitt lesarbrev i Hallingdølen laurdag 14. mars. Innlegget tyder på at han har «feiltolka» mitt lesarbrev «Multikulturelt samfunn». Det var ikkje i min villaste fantasi å sortere ymse menneske i A-og B klasse som han so bastant kallar det. Dessutan har eg heller ikkje kalla alle med muslimsk bakgrunn og som bur i landet vårt for bandittar. Og eg har ikkje dømt alle muslimar nord og ned med ei kvasitolking av religionen deira. Dette må difor stå for Ludvig Munkejord sin rekning.

Lesarbrevet hans tyder på at han fortsatt står med «hovudet i sanda» sjølv om han avsluttar brevet med å vise til ein streng innvandringspolitikk. Dei negative sidene ved innvandring skal helst ikkje nemnast, dei skal haldast under bordet. Og for meg ser det ut for at Ludvig Munkejord fortsatt lever i den trua. Det var dette som var politikken dei fyrste åra etter at masseinnvandringa starta, men etter kvart har det vorte meir stugureint. I mitt lesarbrev torsdag 12. mars gjorde eg eit forsøk på å få fram slike sider ved innvandring som er alvorlege og uheldige, men som vanlegvis ikkje vert nemnt. Men dette må også fram om ein skal få eit objektivt syn på innvandring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange muslimar er sjølvsagt godt integrerte og gjer ein flott innsats for landet vårt. Og mange muslimar lever eit respektfullt liv med sin religion. Men me kan ikkje underslå at det finst muslimar/islamistar som heller burde halde seg heime i sitt eige land. Det er nok å vise til bl.a. Krekar-saka. Det å blande so vidt ulike kulturar vil alltid føre til ymse problem, problem som naive politikarar ikkje vil innsjå. Om ein søker asyl i eit anna land, so er ein pliktig å innretta seg etter forholda i det nye landet, men det er det ikkje alle som vil. Det er ei kjensgjerning at ein del muslimar/islamistar brukar islam og Allah som grunnlag for ekstreme handlingar. Dette er det for lengst slutt med innan kristendomen.

Eg tolkar Munkejord sitt lesarbrev dithen at han vel å oversjå slike ting som aukande kriminalitet/jødehat, æresdrap, tvangsgifte, kjønnslemlesting og IS-sympati.