Maktkamp i Nes

Bygdelista var den store valvinnaren ved kommunevalet i Nes. Gruppa vart den største i kommunestyret – og fekk ordføraren. Men gleda over valsuksessen vart kortvarig. For etter konstitueringa snudde medvinden. Det skar seg mellom Bygdelista og opposisjonen. Dårlege samarbeidsforhold har prega kommunestyret så langt i valperioden.

Ordførar Tore Haraldset er ein erfaren politikar. Han er politisk skolert og var ein skarp debattant i kommunestyret i dei tolv åra han representerte Arbeiderpartiet. Som ordførar valde han ein strategi som skulle vera samlande. Haraldset ynskte å etablere god dialog med alle parti. Difor ville ikkje Bygdelista etter valet gå inn i eit formalisert samarbeid med andre parti. Haraldset og Bygdelista ville heller samarbeide frå sak til sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strategien mislykkast. Bygdelista har i det siste gått på fleire nederlag fordi opposisjonen har funne kvarandre. Eigedomsskatten er eit godt eksempel på dette. Bygdelista meiner Nes må innføre eigedomsskatt fordi kommunen treng desse ekstra-millionane. Opposisjonspartia hevdar Bygdelista og administrasjonen svartmålar den økonomiske situasjonen. Dei seier difor nei til skatten.

Under budsjettbehandlinga la opposisjonspartia (Høgre, Senterpartiet, Arbeiderpartiet og dei uavhengige) fram eit felles budsjettforslag som alternativ til administrasjonen og Bygdelistas forslag. Dette vart fylgd opp med eit lesarinnlegg underskrive med «Fleirtalspartia i Nes» i Hallingdølen før jul. Og i eit nyheitsoppslag i same dag sleppte Høgre, Sp, dei uavhengige og Ap katten ut av sekken. – Samarbeidet er ikkje formalisert, men me har funne tonen, som Høgres Kristian Noreng uttrykte det.

Dermed er det synleggjort for alle – ordførar Haraldset har ikkje fleirtal i kommunestyret. Bygdelista står aleine og utgjer eit mindretal. Den einaste allierte er KrF. Det betyr at opposisjonspartia i realiteten styrer kommunepolitikken i Nes.

Haraldset er kome i ein håplaus situasjon. Ordføraren skal fronte kommunen, gå i bresjen og brøyte veg. Men det er ikkje lett for ein ordførar å vite korleis saker skal handterast internt og offentleg når opposisjonen i realiteten bestemmer. Samstundes stiller situasjonen også krav til opposisjonen. Omdømmet blir ikkje styrkt om dei pressar ordføraren ut på sidelina og reduserer han til ein møteleiar og gallionsfigur.

I forrige periode hadde ordførar Tor Magnussen (H) eit fleirtal med Høgre, Ap og Frp i ryggen. Likevel var perioden prega av mykje politisk støy. Bygdelista, Senterpartiet og KrF utgjorde opposisjonen. Etter sist kommuneval skrinla Bygdelista den gamle alliansen med KrF og Sp. Dette vart gjort for å unngå reprise av bråket i forrige periode. Der og då gjorde Bygdelista den store tabba. For situasjonen kunne ikkje ha vorte vanskelegare enn den er no.