– Litt fyllerør, men stort sett ei roleg feiring

Hotella i Hallingdal er fullbooka nyttårshelga. Og når mange er samla til fest og feiring, følgjer det ofte med bråk, krangling og uro.

Politiet nyttar Twitter til å halde allmennheita orientert om kva oppdrag etaten er involvert i. Skal ein leggje det til grunn, har det vore låg aktivitet nyttårshelga. Ingen twittermeldingar natt til fyrste nyttårsdag. Nyttårseftan publiserte politiet tre meldingar. Dei to fyrste handla om hundar som var sakna, ein i Hønefoss og ein på Noresund. Den siste meldinga var ei «godt nyttår»-helsing til innbyggjarane i distriktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Årets nyttårsfeiring ser ut som tidenes mest siviliserte?

– Det var stort sett ei roleg natt fram til klokka 4. Då drog det seg til i Hønefoss, seier operasjonsleiar fyrste nyttårsdag.

Han innrømmer at kollegaene som jobba nattevakt hadde meir å drive med enn det som går fram av politiet sin konto på Twitter. Ein gjennomgang av politiloggen viser at det var ein del hendingar, også i Hallingdal. Mellom klokka 3 og 4 natt til fyrste nyttårsdag vart ordensmakta kalla ut for å rydde opp i  fleire fylleslagsmål både på Geilo, Gol og i Hemsedal.

Dei fleste meldingane kom frå Hemsedal. Der hamna ei kranglete og full dame i klammeri med dørvakter alt i 22-tida. I 0120-tida fekk politiet melding om at dørvakter i Hemsedal var blitt truga. Innan patruljen kom fram, hadde kranglefanten reist. Kring klokka 0330 rykka politiet ut etter melding om eit basketak i Hemsedal. Ein kar vart bortvist etter at han kasta snøball på politiet.

– Det var ein del episodar. Det meste var av typen klassisk fyllerør, seier operasjonsleiar.