Kvinner på genetisk villspor

I dag vil eg ta opp eit tema eg har studert i lang tid. Spørsmålet er av evolusjonsteknisk art og bør vera av interesse for fleire enn meg.

I korte trekk er problemstillinga knytt til kvinner sin harmelege hang til å interessera seg for feil type menn.

Tema for kveldsbøna

Eg har forstått at spørsmål knytt til evolusjon og genetikk må rettast direkte til Vår Herre. Eg har difor teke spørsmålet opp i kveldsbøna ei rekkje gonger. Før eg går vidare vil eg kort nytta høvet og gje honnør for ordninga med kveldsbøn. Dette er eit framifrå lågterskeltilbod der ein utan krav til lang og komplisert saksutgreiing, kan leggja fram smått og stort for Vår Herre. Ikkje sjeldan får ein også gjennomslag. Såleis kan eg visa til at det ordna seg greitt med ferievêret dette året. Og likeeins; då grannen i fjor kom med noko som måtte oppfattast som ein ufin kommentar om plenen min, tok eg same kveld opp spørsmål om ei høveleg straff. Det gjekk berre nokre dagar før eg vart høyrd og grannen fekk problem med vaskemaskina si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Urmannen

Så til sjølve saka, som altså er knytt til kvinner og evolusjon. Det har seg slik at heilt frå urtida har kvinner late seg tiltrekkja av høgreiste menn med musklar, mot og kraft. Dette var gjerne dumdristige slåstkjemper med høg risikoprofil, som var godt eigna til å slepa heim mat og brensel. Dette var idealet i steinalderen og kanskje ein føresetnad for å overleva. No i moderne tid har ein tilsynelatande ikkje kome noko særleg lengre, og nedslått må eg konstatera at kvinnene framleis flokkar seg rundt den same typen menn. Det er her eg meinar evolusjonen ikkje heng med i utviklinga. Det burde jo for lengst ha gått opp for kvinna at verda ikkje lenger vert regjert av kroppsbyggarar og muskelbuntar. Slike menn hamnar derimot i underbetalte lågstatusyrke og er dei fyrste som vert sendt til fronten. Likevel viser kvinnene ei nesten tøyleslaus, usømeleg interesse for slike. Her burde ein for lenge sidan sett ei utvikling bort frå dette primitive, forelda synet.

Nye parametrar

Eg har ved fleire høve teke opp denne problemstillinga i kveldsbøna, utan å ha registrert den forventa endringa. Eg skal vera varsam med å koma med konkrete tilrådingar, eller leggja for sterke føringar på Vår Herre, men har gjort det heilt klart at eg ikkje ser det som noko ulempe om han justerar litt på dei genetiske kodane og på gjeldande feromon-konfigurasjon. Eg har bede om at han snarast tek grep og ordnar det slik at kvinner i alle aldrar og samfunnslag får auga opp for middelaldra herrar rundt 177 cm, som gjerne er ein tanke korpulente, har tynn hårmanke og til dømes kan framvisa eit visst talent innan folkemusikk. Dette er evolusjonstekniske parametrar som fram til no har vore alt for lite påakta.

Vidare kan ein vel slå fast at det i normale miljø, fram til no, heller ikkje har gitt den fortjente utteljing å vifte med medlemskort i skarping-klubben Mensa. I spesielle miljø kan det nok gje respons, men dei kvinnene ein då oppnår kontakt med er ofte dei kvassaste knivane i skuffen.

Unntaka

Biletet er likevel ikkje heilsvart og ein ser heldigvis heidarlege unntak der unge, velproporsjonerte og ambisiøse kvinner let seg håplaust forelska i eldre, kortvaksne menn som har både eigedom og annan formue – og gjerne ein stygg hoste. Dette må ein sjå som eit steg i rett retning og gjev von for framtida, sjølv om utviklinga går sørgeleg seint.

Eg reknar med at Vår Herre abonnerar på Hallingdølen, og etter at eg no har teke opp saka i denne ypparlege spalta, må ein kunna forventa at han personleg grip inn og syter for fortgang i saka. På førehand takk!

Øystein Velure

siv.ing., Ål