Kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund vel å tru det let seg gjere å finne løysingar for eit Nesch-museum i Hallingdal.
Kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund vel å tru det let seg gjere å finne løysingar for eit Nesch-museum i Hallingdal.

Jobbar med Nesch-plan

Nesch-arving Eivind Otto Hjelle og kulturhusleiinga i Ål er samde om å arbeide vidare med løysingar for Nesch-museet på Ål.

– Eg er letta, seier Anita Borrmann Skoglund. Kulturhusleiaren i Ål er fornøgd med møtet med Nesch-arving Eivind Otto Hjelle før helga.

Sjølv om Oslo-turen ikkje umiddelbart førte til mykje konkret, er begge partane samde om å arbeide vidare med ei felles løysing med Ål kulturhus som museum for Rolf Nesch også i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som Hallingdølen omtala 24. november må noko skje i høve til museumsdrifta. Korkje Hjelle eller Ål kommune er fornøgd med dagens besøkstal. Den planlagde utvidinga for å huse ein landsdelsscene for dans har også aktualisert behovet for eit løft for museet.

– Vårt krav er at det blir oppretta ei stifting, seier Borrmann Skoglund måndag. Då venta ho på eit dokument der arvingane klargjer sine krav.

– Det kan vere ulike måtar å gjere dette på, og me er ikkje i mål anna enn at alle er interessert i å behalde kunsten i kulturhuset.

Det er ikkje gitt. Hallingdølen er kjent med at ein forretningsmann på Sørlandet har snust på Ål-samlinga, som tel kring hundre verk. Nicolai Tangen har samla over 1000 verk i heimbyen Kristiansand, derav kring 300 Nesch-verk.

– Me er fornøgd så lenge me er samde om å jobbe vidare med ei løysing her, seier kulturhusleiaren.

Nasjonalmuseet har også ei rekkje Nesch-verk i det dei definerer som «eldre betydelege norske kunstnarskap» frå det 20. hundreåret. Samlinga inkluderer 12 materialbilete, 5 trykkplater, 197 grafiske blad og heile 3013 teikningar.