Småbarnsfamilien har «flytta heim» til Vats i Ål, men har hamna midt i ein grendedebatt der «nærskulen» i Leveld kan bli lagt ned. F.v. André Pedersen med Fryd (1) på armen, Ragna Torkelsgard og Olava (3). Husnummeret røper at garden ligg 18,76 kilometer frå avkøyringa på Rv7.

Flyttar heim - risikerer å miste skulen

Småbarnsfamilien har gjort alt etter boka: Dei flyttar frå byen til landet, til og med for å ta opp att drifta av garden.

– Det første som møtte oss var at lokalbutikken var lagt ned. Så fekk me høyre at skule og barnehage kan gå same vegen, seier André Pedersen.

Flymekanikaren landa denne veka med familien på slektsgarden til kona. Ragna Torkelsgard har tatt over gardsbruket etter foreldra i Vats, og går det som dei håpar kan det bli drift igjen. Om det blir med eller utan dyr er for tidleg å seie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avgjerda var ikkje enkel, men med yngstejenta Fryd i magen let dei seg føre av magekjensla for halvanna år sidan.

Flyttar frå stresset i byen

Det er eit livsstilsval. Huset på Maura låg ei mil frå Gardermoen, der småbarnsfaren arbeidde.

Ragna er sosionom med bakgrunn frå rusfeltet og attføring. Ho pendla fire mil til arbeid på Lillestrøm kvar veg, noko som i praksis kunne ta alt frå 45 minutt til halvannan time, alt etter kor mykje kø det var på E6.

Samhald, nærbutikken i Leveld, har blitt lagt ned to gonger på få år. Eit forsøk på å starte opp igjen i 2014 stranda i april i år. No er det heller ikkje drivstoff å hente her.
Samhald, nærbutikken i Leveld, har blitt lagt ned to gonger på få år. Eit forsøk på å starte opp igjen i 2014 stranda i april i år. No er det heller ikkje drivstoff å hente her.
Skulen for Nordbygdane (Vats, Leveld og Votndalen) kan også bli lagt ned. Det er også eit spørsmål korleis barnehagetilbodet i kommunen skal vere framover. Høyringsdokumentet ligg ute på høyring fram til 26. juni.

Vats skule var nærskulen då Ragna Torkelsgard var liten. Etter 2008 har det ikkje vore korkje drift eller elevar her.
Vats skule var nærskulen då Ragna Torkelsgard var liten. Etter 2008 har det ikkje vore korkje drift eller elevar her.
Olava (3) hjelper pappa André Pedersen med flyttelasset, mens Ragna Torkelsgard står i døra til barndomsheimen hennar. Det var ingen enkel avgjerd å bestemme seg for å flytte ut i distriktet og ta over familiegarden.

Olava (3) hjelper mor Ragna Torkelsgard med innflyttinga
Olava (3) hjelper mor Ragna Torkelsgard med innflyttinga

– Det var litt stress å skulle rekke møte på jobb og henting i barnehage, seier ho.

Kølivet vart eitt av fleire argument for å flytte heim.

Men då det kom for ein dag at det kan bli nedlegging av skule og barnehage i Leveld også, har stressnivået auka litt i Vats. I staden for ein kort tur til Leveld, risikerer dei små fire mil i buss kvar dag.

Gjekk sjølv på liten skule

Dei har dei siste åra berre hatt hytte i området, men hausten 2016 kom spørsmålet om ikkje småbarnsfamilien ville overta.

– Me vog for og imot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Småbarnsmora gjekk sjølv på skule i Vats. Dei var mellom to og fire elevar. Fyrste til tredjeklasse gjekk i lag.

– Eg synest eg hadde ein fin skulegang og såg aldri på den som nokon ulempe. Me såg aldri alder som noko hinder. Eg trur ikkje eg fekk «traume» av det heller.

– Kva tenkjer de om eit liv i Vats dersom ungane må til skule i sentrum?

– Avstanden er verst. Det blir lange dagar. Eg hugsar sjølv kor lei eg var av å ta buss. Etter fire med ungdomsskule og vidaregåande år flytta eg på hybel.

– Me veit jo at dei må køyre buss på eit tidspunkt, men det kan jo kome vel tidleg, skyt flyteknikaren inn.

– Var skule i grenda eller ikkje eit tema før de tok flyttevalet?

– Me visste ikkje at det var tema. Me har passert Vats skule som står tom, men har aldri tenkt at Leveld skulle bli det. Det kom som lyn frå klar himmel, seier Pedersen.

– Eg saknar heilskap. Regionen jobbar for «lys i alle glas» og me har følt kommunen har satsa på grendene. Landbrukskontoret har vore så positive til at me vil starte opp igjen her, men så kjem dette ... Eg kjenner at det engasjerer, seier Ragna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Landa i grendedebatten

Han er heime i pappapermisjon dei neste to månadane. Olava (3) har fått plass nokre dagar i barnehagen og har blitt godt tatt imot. Han skal vere heime med Fryd (1) og planlegge mogeleg gardsdrift.

Olava har seks jamaldringar i Nordbygdene som omfattar krinsane Vats, Leveld og Votndalen.

– Korleis blir det å bu her dersom skulen blir lagt ned?

– Me vil ikkje bu her for kvar ein pris. At det er liv i bygda, har mykje å si.

Familien har tenkt på ulike driftsformer når det gjeld gardsdrifta. Men å drive gard når borna må til sentrum, ser dei ikkje lyst på. Dermed kan drifta stå og falle på valet av skulestruktur. Nærskule betyr litt mindre om dei likevel skal jobbe sentralt. Slik sett kan nedlegging av skulen også råke landbruksnæringa.

– Skulen er også eit viktig sosialt samlingspunkt. Me feira 17. mai her, og denne veka var det sommarfest i barnehagen. Det er gode måtar for oss å bli kjent med folk på.

Me har passert Vats skule som står tom, men har aldri tenkt at Leveld skulle bli det. Det kom som lyn frå klar himmel.

Skuledebatten i Ål

Artikkelen held fram under annonsen.

* På grunn av fallande elevtal og dårlegare økonomi vil kommunestyret vurdere dagens barnehage- og skulestruktur.

* Eit høyringsdokument seier at nedlegging av skular og barnehagar kan bli utfallet.

* Fagleg og pedagogisk er det eit ønskje å samle kreftene, men debatten handlar også om busetjingspolitikk.

* Høyringsfristen er 26. juni.

* Kommunestyret avgjer saka før årsskiftet.