Leiar for hovudtutval for utdanning,  Sissel Urke (V), meiner det er gode sjansar for å få til eit Arbeidsinstitutt når budsjettdebatten for neste år tek til. I fjor var det sett av ein million kroner til å leige tidlegare Gol ungdomsskule.
Leiar for hovudtutval for utdanning, Sissel Urke (V), meiner det er gode sjansar for å få til eit Arbeidsinstitutt når budsjettdebatten for neste år tek til. I fjor var det sett av ein million kroner til å leige tidlegare Gol ungdomsskule.

– Arbeidsinstituttet ikkje lagt på is

Det bør vere gode sjansar for å få til eit Arbeidsinstitutt også i Hallingdal når neste års budsjett i fylkeskommunen skal til behandling. Hovudutvalet for utdanningssektoren får truleg ei sak på dette i mars.

– Det er brei semje om behovet, men det skorta på pengar i fjor. Dei som er urolege kan føle seg trygge på at politikarane held tak i dette, seier Sissel Urke (V), leiar i hovudutvalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I det siste har både fylkespolitikar Marius Kristiansen (H) og lokalpolitikar Heidi Granli (Ap) gitt uttrykk for uro over at Hallingdal, som einaste region i fylket, står utan eit tilbod til elevar som ikkje finn seg til rette i det ordinære tilbodet til vidaregåande skule. Men Urke er klar på at årsaka til at saka vart lagt til sides i fjor, var mangel på midlar, ikkje vilje. Ho ber folk vera tolmodige fram mot komande års budsjettdebatt.

Fylkestinget trekte i fjor tilbake ein million kroner som var sett av til leige av areal føremålet. Det blir for tida arbeidd med å sjå på leigebehovet på nytt, heiter det i ei anna sak som skal opp i hovudutvalet 31. januar.