Nye Veier er klar for å bygge Ringeriksbanen dersom politikarane prioriterer tiltak. No vil Frp realisere prosjektet.

Vil bygge Ringeriksbanen og kome raskt i gang: – Håpar av heile mitt hjarte at andre parti følgjer opp

Fremskrittspartiet har prioritert fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 i sitt forslag til Nasjonal transportplan.

Ringeriksbanen til 37,9 milliardar og ny veg Skaret-Hønefoss til 13,9 milliardar. Dette ligg inne i fyrste periode i Frps forslag til Nasjonal transportplan som vart presentert tysdag.

– Det er brukt ni milliardar kroner frå stat og aktuelle kommunar til planlegging og investeringar i infrastruktur. Eigedomar er løyst inn, folk er tvungne til å flytte frå hus og heim - fordi samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) vil ha togtrasé på kvikkleire i sitt eige nabolag i Østfold. Det er ikkje til å tru, seier Morten Wold (Frp) som er representant for Buskerud på Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ringeriksbanen ute av Nasjonal transportplan - Nygård vil starte bygging av veg

Han viser til at regjeringa har prioritert dobbeltspor til Fredrikstad, mens fellesprosjektet blir splitta og Ringeriksbanen foreslått ut av Nasjonal transportplan, i regjeringas forslag.

Nasjonal transportplan (2025-2036) skal behandlast i Stortinget 19. juni.

Morten Wold og Morten Stordalen presenterer nytt om Nasjonal transportplan. Frp vil bygge Ringeriksbanen, og vil i gang i fyrste planperiode.

– Ein skandale

Morten Wold får full støtte frå partikollega Morten Stordalen som sit i transport- og kommunikasjonskomiteen.

– At regjeringa vil skrote jernbanebiten av prosjektet frå Nye Veiers portefølje er ein skandale. Blir vegen bygd aleine, kjem aldri banen. Vegen vil også kunne bli mange år forsinka, i tillegg vil det medføre ekstra kostnader knytt til nye trasear og reguleringsplanar, seier Stordalen

Han minner om at samferdselsprosjektet ikkje berre er for Ringeriksregionen, men Bergen-Oslo som får redusert reisetid med ein time. I tillegg handlar det om å bygge ny og sikker veg. Ved å bygge ut fellesprosjektet vil det generere mange nye arbeidsplassar og næringar i kommunane langs strekninga, samt auke busettinga.

– Ringeriksbanen og «dødsvegen» E16 skal ha oppstart i første periode av transportplanen, seier Morten Wold.

– Ikkje gitt

Det er ingen bombe at Frp vil bygge Ringeriksbanen. Partiet har markert seg som ein forkjempar lenge. Likevel kjem ikkje eit så stort prosjekt av seg sjølv når partia skal gjera sine prioriteringar.

Les også
Nygård ser ikkje noko poeng i å avklare formalitetar før Stortinget behandlar transportplan

– Det har ikkje vore ein stor kamp i Frp, men det er mange store prosjekt rundt i heile landet. Slik sett er det ikkje gitt. Men Ringeriksbanen har ein lang historikk, og no er det på tide å kome i gang, seier Morten Wold.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Trur du forslaget vil få fleirtal i Stortinget?

– Det er ønskeleg sjølvsagt. Me får sjå, svarar han og viser til at partia i tur og orden vil legge fram sine forslag. Komiteen skal kome med si innstilling 12. juni før planen blir sluttbehandla i Stortinget 19. juni.

– Eg er glad for at partiet mitt støttar Ringeriksbanen. No håpar eg av heile mitt hjarte at andre parti følgjer opp, seier Wold.

Morten Stordalen (Frp) fotografert i Ål kulturhus då transportkomiteen var på rundreise i området i januar i år.

Honnør til Hallingdal

Morten Stordalen gir ros til Wold og arbeidet hans for fellesprosjektet. Han nyttar og høvet til å rose dei politiske miljøa på Ringerike, i Hallingdal og Buskerud.

Les også
Ute av transportplanen, ute av Inter City: – Dette er uforståeleg, heilt feil og udemokratisk

– Eg vil gje honnør for godt og konstruktivt arbeid opp mot transportkomiteen, med ein god og tydeleg bodskap. Her har Buskerud stått samla, seier Stordalen.

No ventar innspurten av Nasjonal Transportplan i Stortinget.

– Kva som skjer der, kan eg naturlegvis ikkje si noko om før innstillinga er avgitt, men eg håpar jo at fleire parti ser håplausheiten i regjeringas forslag. Me skal gjera vårt ytste for at dette fellesprosjektet kan realiserast. Det vil tene Buskerud og landet veldig godt, seier Morten Stordalen.