Rådmann i Ål, Tone Tveito Eidnes og ordførar Ivar Brevik fekk ein trøkk då dei såg pristilbodet frå Hent AS. No ser dei framover.
Rådmann i Ål, Tone Tveito Eidnes og ordførar Ivar Brevik fekk ein trøkk då dei såg pristilbodet frå Hent AS. No ser dei framover.

Vestre Viken held på avtala med Ål

Sjukehusdirektør ved Ringerike sjukehus, Per Bleikelia, ser førebels ingen problem med at utbygginga av Hallingdal lokalmedisinske senter blir utsett.

Men, seier han til Hallingdølen:

– Det er ikkje enkelt med ei utsetjing, og det er klart det er ei ulempe. Noko anna ville vore feil å seie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avtala ligg fast

Bleikelia hadde onsdag ein videokonferanse med rådmann i Ål, Tone Tveito Eidnes, og ordførar Ivar Brevik (Sp).

Han stadfesta der at avtala Vestre Viken helseføretak har med Ål kommune om Hallingdal lokalmedisinske senter ligg fast. Overfor Hallingdølen stadfestar Bleikelia det.

– Me driv som planlagt. Det er ikkje noko meir dramatikk i saka no, og me samarbeider bra med Ål kommune, seier Bleikelia.

– Me driv som planlagt, men det er klart utsetjinga er ei ulempe, seier sjukehusdirektør ved Ringerike sjukehus, Per Bleikelia.
– Me driv som planlagt, men det er klart utsetjinga er ei ulempe, seier sjukehusdirektør ved Ringerike sjukehus, Per Bleikelia.
Arkitektfirmaet Aursand og Spangen trefte med sine kalkylar for Valdres lokalmedisinske senter. Det gjorde dei ikkje med Hallingdal sjukestugu.
Arkitektfirmaet Aursand og Spangen trefte med sine kalkylar for Valdres lokalmedisinske senter. Det gjorde dei ikkje med Hallingdal sjukestugu.

Det planlagde lokalmedisinske senteret skal ha 20 senger. Ti interkommunale senger som hallingdalskommunane finansierer og ti tilhøyrande spesialisthelsetenesta og Vestre Viken. No blir utbygginga utsett når prosjektet skal tilbake på teiknebrettet.

– Er det uproblematisk for dykk at bygginga blir utsett?

– I den mellomtida det ser ut til å bli, skal det gå bra. Lokala er gode slik dei er no, det same er helsetenestene. Men dei ber preg av at det er ei mellombels løysing, seier Bleikelia.

Kosta millionar

Tone Tveito Eidnes er fornøgd med beskjeden frå Bleikelia.

– Me er glade for at han er så tydeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tydelege var også signala frå eit samrøystes kommunestyre onsdag ettermiddag. No ser både politikarar og administrasjon framover etter at anbodskonkurransen er avlyst.

– Kor mykje har prosessen kosta til no?

– Den har kosta nokre millionar. Då er det tungt for alle å måtte erkjenne at me må tilbake der me var midt i løpet. Men arbeidet som har vorte gjort er ikkje bortkasta, seier Tveito Eidnes.

Korleis?

Spørsmålet rådmannen, ordføraren og resten av dei som har jobba med utbyggingsprosjektet av Hallingdal sjukestugu og Ål helsetun stiller seg no er:

Korleis kunne pristilbodet frå Hent AS på 269 millionar kroner ende 96 millionar over budsjettet?

– Det er arkitektfirmaet Aursand og Spangen som har gjort kostnadsrekningane med sine konsulentar. Dei har jobba med Valdres lokalmedisinske senter, og der trefte dei. Men kanskje burde me tatt omsyn til prisstiginga i løpet det året som har gått sidan overslaget vart gjort. Budsjettet var kanskje for lågt frå starten. Men det er også noko som heiter at marknaden har fasiten.

– Berre eitt firma var med i konkurransen?

– Ja, og det forstår me ikkje årsaka til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vurderer løysingar

Med onsdagens vedtak i kommunestyret har Ål kommune teke nokre skritt tilbake.

Opning av nye Hallingdal sjukestugu 1. januar 2016 er urealistisk. Når opninga kan skje, veit ikkje rådmannen, som likevel ser lysare på situasjonen no enn for ei veke sidan.

– Me startar ikkje på null. Me har vurdert 11 løysingar før me hamna på denne. Prosessen me har vore gjennom gjer neste steg enklare, sjølv om det var tungt med ein gong då me såg tala.

– Er det lokalmedisinske senteret høgast på prioriteringslista når de vurderer prosjektet vidare?

– Det er høgt prioritert.

– Betyr det at utbygginga av Ål helsetun kan bli utsett?

– Me skal jobbe med ei rekkjefølgje, noko som kan bety at me ikkje tek alt på ein gong. Men det lokalmedisinske senteret står høgt på lista, seier Tone Tveito Eidnes.